Lærarane: Even Hov

I denne serien presenterer vi alle dei dyktige og hyggelege lærarane på SJH – i alfabetisk rekkefylgje. Fjerdemann ut er Even Hov, som underviser i fjøsopplæring og faget husdyr:

Even Hov er opphavleg frå Vassbygdi i Aurland og gjekk på SJH i 1985-86. Han har jobba på skulen sidan 1989 – meir eller mindre heile tida som fjøsmeister – men óg som lærar. Hovudinteressa er dyr og folk. Even bur i Aurland og har ein hage han har lite tid til. Heldigvis har han ein nabo som er pensjonert SJH-lærar, som steller fellesarealet der dei bur. Der dyrkast det litt av kvart.

Even underviser i husdyr innan yrkesfagleg fordjuping (Vg2), og fjøsopplæring for både Vg2 og Vg3. I tillegg har han ansvaret for stølsdelen av sommarkurset, som går føre seg med mjølking av geit og ysting på Sinjarheim i Aurlandsdalen. Even meiner økologisk landbruk handlar om å sette tæring etter næring og nytta ressursane godt. Vi skal vere med på utviklinga, men ikkje for kva pris som helst. Det handlar om miljøbevisstheit og det å sjå løysingar. Om SJH seier Even:

Skulen er mangfaldig med masse ressursar på ein flott plass mellom fjord og fjell. Elevane vert godt tekne imot av bygdesamfunnet og er med på mykje av det som skjer i området. Og andre vegen er skulen viktig for byda – og resten av verda!