Vil du vera med på laget for sikra ostenasjonen Noreg ein fast plass i verdstoppen? Då er Sogn Jord og hagebruksskule (SJH) i Aurland rett plass for deg. Hausten 2022 starta Fagskulen Vestland fagskuleutdanninga Handverksysting – verdiskaping i mjølkeforedling i samarbeid med SJH i Aurland og Trøndelag høyere yrkesfagskole (THYF) avd. Trondheim. Det er eit nett- og samlingsbasert årsstudium over to år. Med eit nytt ysteri egna til undervisning, landsline i økologisk landbruk og eit sterkt ystefagleg miljø er SJH godt rusta for denne oppgåva.
Les meir om stillinga her.