Kompetansenavet Vest

Lokale mat- og serveringsbedrifter kan få fagleg hjelp med vidareutvikling og verdiskaping gjennom Kompetansenavet. Fem kompetansenettverk dekker heile Norge, og utarbeider tilbod om kurs, seminar, nettverk, studieturar, hospitering og besøksordning som er tilpassa bedriftenes behov.

Kompetansenavet Vest har base på Sogn Jord- og Hagebruksskule, og har aktivitetar i Vestland fylke. Sjå kommande kurs og aktivitetar.

Besøksordninga

Gjennom denne ordninga kan verksemda di få besøk av ein matfagleg eller forretningsfagleg person, og de vil såleis hjelpe bedrift di ved ulike problemstillingar dei står ovanfor. Det kan til dømes vera spørsmål knytta til utforming av godkjent produksjonslokale, produktutvikling, emballasje, marknadsføring og kalkylar. Du kan få hjelp innan alle fagområde du må innom på vegen frå råvareproduksjon til ferdig pakka og selt produkt. Eit slikt besøk er gratis for verksemda. Ved behov kan ein få tilbod om vidare oppfylgjingsprosjekt med ei kostnadsramme på inntil 30 000 kr. Av dette er det ein eigenandel på 20 % som verksemda må dekkje sjølv.

Matkontaktar

Matkontaktane kan gje verksemdene hjelp og rettleiing over telefon eller gjennom besøksordninga. Matkontakten er rådgjevar, samtalepartnar og formidlar av kunnskap på bakgrunn av eiga erfaring, eller vidareformidlar kontakt med andre kompetansepersonar og relevant teknologi. Matkontakten kan fylgje opp bedriftene eller bidra til å etablere ei besøksordning. Sjå Matkontaktar.