Gardsbutikk

OPNINGSTIDERKONTAKT
Måndagonsdag1116Tlf. 415 30 741
Torsdagfredag1117gardsbutikken.sjh@vlfk.no
Laurdag1114Følg oss på Facebook og Instagram

NOKO FOR EIN KVAR SMAK OG ANLEDNING HEILE ÅRET!

I gardsbutikken finn du eit breitt utval av økologiske daglegvarer og gåveartiklar. Vi har også gartneri med sal av blomstrar, oppalsplanter, hageutstyr og mykje meir. Gardsbutikken ligg på tunet til landets einaste heiløkologiske landbruksskule. Idyllisk plassert mellom fjord, fjell og fjøs.

Gjennom sesongen tilbyr vi grønsaker, frukt og bær produsert ved SJH. Vi foredlar varer som til dømes honning, eplesaft og meieriprodukt i eige ysteri. Alt økologisk, sjølvsagt.

Vi sel dessutan mykje frå andre lokale bedrifter, som is, kjøt, sjokolade, hudpleie og ullprodukt. Ein rekkje av produkta finst i lausvekt; slik kan vi redusere på både pris og plastemballasje. Utanom sesongen importerer vi frukt og grønt, slik at vi alltid har eit stort økologisk utval.

Hos oss finn du noko for ein kvar smak og anledning – heile året!

BLOMAR OG GARTNERI

Vi har eit stort utval av innkjøpte grøne planter, potte- og snittblomar. Hos oss får dei økologisk stell og vi strekker oss etter å skaffe norskproduserte planter. Gjennom sommar og haust tilbyr vi eigenproduserte, økologiske snittblomar rett frå åkeren. Til jul har vi eigenproduserte økologiske julestjerner – dei einaste i landet!

I vekstsesongen har vi eit rikt utval av tre, buskar, økologiske sommarblomar, urter og grønsaksplanter dyrka i gartneriet. Vi sel også alt anna du treng til kjøkkenhagen. Vi utfører alt innan binderi til bryllaup, dåp, gravferd og andre merkedagar. Du kan tinga samanplantingar, bukettar og oppsatsar som vi lagar etter ditt eige ynskje. Vi leverer i heile Aurland kommune etter avtale. Ta kontakt for ein hyggeleg prat!