Lærarane

Aksel Hugo er utdanna naturforvaltar frå NMBU med ein doktorgrad i pedagogikk. Det har gjort det mogleg for han å jobba både praktisk som lærar og teoretisk med forsking og lærarutdanning. Han har hatt eit bein i Steinerskulen og eit i offentleg skule. Aksel er rektor på SJH og bur med hund i bustad på skulen sitt område, men har òg poteter, frukt og bær i hagen i Holmsbu. Han underviser i ulike tema innafor naturforvaltning og økologisk entreprenørskap, hovudsakleg innan faget næringsdrift (Vg3). Aksel meiner at ei praktisk utdanning i økologisk landbruk bokstaveleg talt gjev deg moglegheit til å ta spaden i eigne hender. Utdanninga gjev òg god ballast til vidare studiar. Om SJH seier Aksel:

Det eg likar best ved SJH er at tradisjon kjem saman med heilt ny kunnskap, og at ungdomskraft kjem saman med tyngde og erfaring.

Barry O’Mahony har jobba som frivillig på mange ulike gardar i fire land, og studerte økologisk hagebruk i heimlandet sitt Irland. Han har budd i Norge sidan 2011 og er fascinert av alt på, i og bortanfor kloden vår. Barry har ikkje dyr eller planteproduksjon privat, men har det på ein måte likevel fordi han bur ved frukt- og bærfeltet på skuleområdet. Han er ansvarleg for bigarden på SJH, og er glad i å minne “husdyrfolka” på at han er den som er ansvarleg for flest husdyr! Barry underviser i fruktdyrking og stell av frukttre og bærbuskar innan faga forvaltning og drift (Vg2), produksjon og tenesteyting (Vg2) og yrkesfagleg fordjuping (Vg2). Han meiner økologisk landbruk er viktig mellom anna av di jordforureiningar har vorte artstruande. Vi har eit val, og kan vere ein del av problemet eller ein del av løysinga. Om SJH seier Barry:

Staben her har kompetansen og viljen til å leggja til rette for at elevane finn eigne retningar. Det eg likar best ved SJH, er at skulen er ein læringsarena òg for oss som underviser! Eg betraktar meg sjølv som ein evig student.

Bjørg Fritsvold har landbruksutdanning på masternivå frå NMBU. Ho har jobba med landbruk i praksis og teori heile livet, og hovudinteressa er allsidig økologisk landbruk. Bjørg bur i Fresvik i Vik kommune. Der har ho inntil no drive gard med sauehald og produksjon og foredling av økologisk svarthyll, og kjem til å vere aktiv også etter at ny generasjon tek over. Bjørg underviser i økonomi, rammevilkår for landbruket og tilknytta tema i faga forvaltning og drift (Vg2) og gardsdrift (Vg3). Ho meiner at økologisk landbruk er framtidas landbruk. Målet må vere å produsere mat av høg kvalitet på ein måte som tryggjar matforsyning til komande generasjonar, og at den vert rettferdig fordelt. For å koma nærast mogleg dette målet krevst kunnskap og utvikling av ny kunnskap. Om SJH seier Bjørg:

Her er engasjerte og fagleg dyktige lærarar og eit svært allsidig skulegardsbruk der det er mykje praksis, slik at eleven kan velja ut sitt område å fordjupa seg i. Etter avslutta agronomutdanning på SJH sit ein att med eit stort nettverk av venner og kjende som ein kan diskutere faglege spørsmål med.

Even Hov er opphavleg frå Vassbygdi i Aurland og gjekk på SJH i 1985-86. Han har jobba på skulen sidan 1989 – meir eller mindre heile tida som fjøsmeister – men óg som lærar. Hovudinteressa er dyr og folk. Even bur i Aurland og har ein hage han har lite tid til. Heldigvis har han ein nabo som er pensjonert SJH-lærar, som steller fellesarealet der dei bur. Der dyrkast det litt av kvart. Even underviser i husdyr innan yrkesfagleg fordjuping (Vg2), og fjøsopplæring for både Vg2 og Vg3. I tillegg har han ansvaret for stølsdelen av sommarkurset, som går føre seg med mjølking av geit og ysting på Sinjarheim i Aurlandsdalen. Even meiner økologisk landbruk handlar om å sette tæring etter næring og nytta ressursane godt. Vi skal vere med på utviklinga, men ikkje for kva pris som helst. Det handlar om miljøbevisstheit og det å sjå løysingar. Om SJH seier Even:

Skulen er mangfaldig med masse ressursar på ein flott plass mellom fjord og fjell. Elevane vert godt tekne imot av bygdesamfunnet og er med på mykje av det som skjer i området. Og andre vegen er skulen viktig for byda – og resten av verda!

Gry Tokvam er utdanna innan ernæring og helse, mat og kultur. Ho har jobba i vidaregåande opplæring innan realfag, helse- og oppvekstfag og kokk- og servitørfag i 30 år. På fritida er ho oppteken av friluftsliv, organisasjonsarbeid og matlaging. Å eksperimentere med mat og ta vare på råvarene til det beste for munn og mage er favorittsysselen. Ho pendlar frå Sogndal, kor ho bur nede ved fjorden med ein bitteliten hageflekk full av etande vekstar. Gry underviser i foredling innan yrkesfagleg fordjuping (Vg2) og innan næringsdrift (Vg3). Ho meiner ei utdanning i økologisk landbruk lærer deg å ta vare på moder jord, samstundes som du kan produsera rein mat som er til det beste for kropp og sjel. Om SJH seier Gry:

SJH er mangfald på alle område. Ein god skule på ein naturskjønn stad, med fjord og fjell i sterke kontrastar året rundt. Det beste er kanskje når sola skin på dei kvite toppane og du gler deg til den skal skine på deg. Våren her er fantastisk!

Hannah Jane Wood er frå England, har budd på Svalbard i fire år og oppheldt seg i lengre tid på Island og i Mongolia. Ho er utdanna agronom frå SJH i 1997-99, og tok praktisk-pedagogisk utdanning ved NMBU. I tillegg er ho utdanna barfottrimmar for hest. Hannah liker å garva skinn, sy i lêr, strikka, bryggja øl, laga vin og dra på tur med hest (kløv og riding). Ho bur på eit småbruk 5 km frå skulen, med tre islandshestar, ein hund og nokre høns. Hannah underviser i hest innan yrkesfagleg fordjuping (Vg2). I tillegg er ho med på å lære opp elevar i mjølking og stell av dyr i fjøset under fjøsvekene. Ho meiner at ei utdanning i økologisk landbruk lærer deg å spilla på lag med naturen og driva gard på ein måte som er sunnare for både planter, dyr og folk. Om SJH seier Hannah:

Vi som jobbar på SJH har eit stort engasjement og brenn for det vi underviser i. Og skulen ligg fantastisk til med kort veg til både fjord og fjell – det er så mykje å finna på her!

Janicke Hoel er utdanna agronom frå SJH i tillegg til barnevernspedagog, lærar og køyreinstruktør for hest. Utanom jobb, familie og oppvask brukar ho tida si på friluftsliv, jakt, riding, skigåing, fotballspeling, gardsarbeid, idrettslaget og turlaget. Ho bur på eit småbruk i Flåm med islandshestar, gamalnorsk sau og høns. Janicke underviser i samfunnsfag (Vg2), gym (Vg2 og Vg3), garden som ressurs (Vg3) og hest innan yrkesfagleg fordjuping (Vg2). Ho har òg fagansvar for Inn på tunet-avdelinga ved SJH. Janicke meiner at ei utdanning i økologisk landbruk gjer deg meir sjølvhjulpen, og i stand til å bidra i dugnaden for ei berekraftig framtid. Om SJH seier Janicke:

Vi har eit inkluderande miljø med engasjerte elevar som inspirerer oss tilsette til å utvikla skulen. Skulegardsbruket er veldig variert med mange ulike produksjonar og arbeidsoppgåver. I tillegg brukar vi utmarka og fjellområda til turar, jakt og fiske.

Jorunn Barane er utdanna agronom ved SJH, lektor med praktisk pedagogikk ved NMBU og har ein mastergrad i berekraftig læring frå Steinerhøyskolen. Den kombinerte kunnskapen har ho nytta til å utvikla skulehagar, garden som ressurs og til kurs for lærarar og bønder i mange år. I tillegg har ho stor interesse for forteljarkunst og vandring. Jorunn bur på Aurlandsvangen med hage og gamle epletre ned til fjorden. I kjøkkenhagen har ho roser, staudar, urter og blomar, og ho tek gjerne imot besøk. Jorunn underviser i økologisk entreprenørskap innan næringsdrift (Vg3). På SJH er ho òg prosjektleiar for eit internasjonalt Erasmus+ prosjekt, og legg til rette for Levande skule, kurs i landbrukspraksis og kompetanseutvikling ved skulen. Jorunn meiner at økologisk landbruk er viktig for å ta vare på og skapa fruktbar, levande jord med livskraftige planter og eit etisk dyrehald. Om SJH seier Jorunn:

Her får du mykje praktisk erfaring og forståing for samanhengar. Det skapar meining å utvikle gode verdiar for framtida, og denne utdanninga får ein bruk for uansett kva yrke ein måtte velje seinare i livet!

Kristin Ryum vaks opp på ein høgdegard i Flåm med småskala og mangfaldig produksjon. Ho er utdanna veterinær og jobba privatpraktiserande som det gjennom eit tiår. Kristin har vore lærar i husdyr på SJH sidan 2003, har teke praktisk-pedagogisk utdanning ved NMBU og fag innan organisasjon og leiing. Ho er i dag pedagogisk leiar ved SJH. Kristin likar å bu i naturen på heimgarden i Flåm, kor ho held hjula i gang med litt sau og er medeigar i samdrift på geit. Kristin underviser i det meste som dreiar seg om husdyr; bygnad, funksjon, fôring, helse, oppstalling, regelverk og meir til i faga produksjon og tenesteyting (Vg2) og plante- og husdyrproduksjon (Vg3). Ho meiner økologisk landbruk handlar om å gje sitt bidrag til natur og kultur, å sjå mat og landskap i ein samanheng, og å setje store ord ut i små handlingar. Om SJH seier Kristin:

Det naturlege val for meg – kva med deg?

Marco Neven har jord- og skogbruksutdanning pluss økonomi, marknadsføring og praktisk-pedagogisk utdanning. Han jobba 20 år i landbruksforvaltinga før han byrja ved SJH i 2008. Marco har vore aktiv i landbruksrelaterte prosjekt og organisasjonar i mange år, og heime i Lærdal driv han eit småbruk med bærdyrking og pollineringsbirøkt. Ved SJH underviser han i faga forvaltning og drift (Vg2), utmark og kulturlandskap (Vg3) og litt om birøkt i plante- og husdyrproduksjon (Vg3). Marco meiner at føre-var-prinsippet og berekraft er sentrale moment i økologisk landbruk. Han synast det er gjevande å jobba med utvikling av framtidsretta matproduksjon innafor desse rammene. Om SJH seier Marco:

Læringsmiljøet og det sosiale livet på skulen har alltid vore unikt. Eg kan trygt tilrå å bruke eit par utviklingsår i lag med oss på SJH!

Maria Ballhaus vaks opp i ein tysk by og forelska seg i landbruk og ystehandverket gjennom praksis hjå Hitra Gårdsmat etter vidaregåande. Ho tok agronomutdanninga ved SJH i 2006-08, og seinare høgare utdanning i økologisk landbruk ved Blæstad og Witzenhausen. No driv ho og fire vener eigen økologisk gard med mjølkekyr, gris, høns, grønsaker og gardsysteri i Tyskland. Frå våren 2018 skal garden forsyna 120 andelshavarar med mat etter andelslandbruksprinsippet. Maria kjem til SJH fleire gonger i året for kurs og undervisning i mjølkeforedling, mellom anna innan faget plante- og husdyrproduksjon (Vg3). Ho meiner at ei utdanning innan økologisk landbruk gjev ei forståing for at alt heng saman med alt. Osten vert til dømes aldri betre enn råvara. Jord, jordarbeiding, gjødsling, plantesamansetning, hausting, fôrkonservering, dyrehelse, fôrrasjonar, mjølketeknikk, mjølkelagring og meir til speler inn før mjølka hamnar i ystekjelen. Om SJH seier Maria:

SJH er ein skule for livet, uansett om ein vert bonde eller ei. Alt ein lærer er nyttig kunnskap å ha med seg vidare. Eg hugsar at eg som elev ikkje hadde nok timar i døgnet til å gjere og lære om alt eg vart interessert i!

Marianne Skudal er utdanna allmennlærar med tilleggsutdanning i kunst og handverk og religion. Ho har ein stor kjærleik til permakultur og studerer økologiske skulehagar på Bygdøy Kongsgård gjennom NMBU. Marianne bur i “Martastova” på SJH sitt område med dotter, schæferhund og kjøkkenhage. Når helga kjem, reiser dei til fjells på ski eller til fots. Marianne underviser i norsk (Vg2) og er sosiallærar på skulen. I tillegg underviser ho syriske og irakiske flyktningar, som mellom anna lærer norsk gjennom praktisk arbeid i ein syrisk kjøkkenhage på SJH. Ho meiner at vi alle kan vere med på å forandra verda til ein betre stad gjennom å byggja bruer og ta etiske og berekraftige val. Om SJH seier Marianne:

Dette er plassen du trivast! Elevane er særs engasjerte og sterke venskapsband vert danna. SJH har eit eineståande miljø med høg trivselsfaktor. Her får du nye erfaringar og fagleg innsikt som utvilsamt vil prega deg seinare i livet.

Monica Gjesdal Larsen tok agronomutdanning ved SJH frå 2004-06, og seinare praktisk-pedagogisk utdanning ved NMBU. Monica bur på Aurlandsvangen med katt og ein innhaldsrik kjøkkenhage. Ho underviser i hagebruk med fokus på grønsaker og urter innan forvaltning og drift (Vg2), produksjon og tenesteyting (Vg2) og yrkesfagleg fordjuping (Vg2). Elevane får mellom anna lære om dyrking til internatet, marknadar, restaurantar og lokale/regionale butikkar. Det er òg fokus på foredling av frø, som eit alternativ til nye genmanipuleringsteknikkar. Monica meiner at ei utdanning i økologisk landbruk gjev bevisstheit og kunnskap om ressursbruk som er berekraftig for komande generasjonar. Om SJH seier Monica:

Skulen har lang erfaring i økologisk landbruk, samstundes som vi stadig er i utvikling og søker ny kunnskap og nye impulsar. SJH er ein liten skule med elevar som er skapande og har stor vilje. Alle får moglegheit til å utvikla seg på sine fokusområde, og vi nyttar gardsbruket og naturen rundt oss som undervisningsarena. Elevane kjem med svært ulike bakgrunnar og skulen er derfor ein unikt mangfaldig institusjon i bygda!

Nathaniel Platt Mead vaks opp i ei landbruksbygd i Connecticut, USA, og opplevde tidleg ei stor interesse for natur og miljø. Han utdanna seg fyrst innanfor friluftsliv og jobba som instruktør på friluftsskuler i fleire år. Frå 1984 har han hatt fullt fokus på økologisk jord- og hagebruk. Nat er utdanna agronom ved SJH og har ein master i naturbruksdidaktikk frå NMBU. Han bur nær Aurlandsvangen med katt og ein bratt tomt med imponerande mykje frukt og grønsaker til eige bruk. Nat underviser i hagebruk, plantedyrking, kompostering og jordfruktbarheit innan faga produksjon og tenesteyting (Vg2), forvaltning og drift (Vg2), yrkesfagleg fordjuping (Vg2) og plante- og husdyrproduksjon (Vg3). Han har erfaring med den biodynamiske landbruksmetoden og bakar dette inn i undervisinga der det er aktuelt. Nat meiner ei utdanning i økologisk landbruk gjev god innsikt, kunnskap og ferdigheiter i det grunnleggande for vår eksistens uansett om ein skal inn i eit yrke som bonde, gartnar eller noko anna. Om SJH seier Nat:

Her får ein kunnskap om og for livet! Kva tidlegare elevar jobbar med i dag varierer veldig, men tilbakemeldingane går på at åra på SJH var bland dei beste og mest nyttige utdanningsåra dei har hatt.

Per Thunshelle er fødd og oppvaksen i vakre Flåmsdalen på geite- og sauegard. Han utdanna seg som agronom ved SJH i 1979-80, og jobba som heiltidsbonde + som tømrar fram til 2003. Sidan då har han jobba på SJH sin skulegard, dei siste åra som gardsstyrar. Per bur fortsatt i Flåmsdalen, og har sau heime. Han underviser i teknikk innan faget produksjon og tenesteyting (Vg2). Per meiner det er fornuftig å velja utdanning i økologisk landbruk av di det kan vere starten på eit regenerativt landbruk. Om SJH seier Per:

Eg vil anbefala SJH om du ynskjer å utvikla deg til eit sjølvtenkjande menneske!

Thorvald Tokvam er utdanna agronom ved SJH, studerte pedagogikk ved NMBU og har allsidig realkompetanse. Han driv eit økologisk sauebruk 2 km frå skulen, med interesse for tradisjonsrik foredling. På fritida er han oppteken av friluftsliv på fjellet med jakt og fiske. Thorvald underviser i bygg, grindbygg, teknikk/maskinar, jordarbeiding, jakt/fiske og kjøtforedling innan faga produksjon og tenesteyting (Vg2), yrkesfagleg fordjuping (Vg2), plante- og husdyrproduksjon (Vg3), utmark og kulturlandskap (Vg3) og næringsdrift (Vg3). Det står mange flotte grindbygg rundt omkring i Aurland og nabokommunane takka vere Thorvald og elevane hans. Om SJH seier Thorvald:

Ei utdanning i økologisk landbruk er framtidsretta. På SJH finn du òg eit sosialt inkluderande miljø, som er godt å læra i!