Fagskulen Vestland startar studietilbodet Handverksysting – verdiskaping i mjølkeforedling hausten 2022 i samarbeid med Sogn Jord- og Hagebruksskule (SJH) og Trøndelag høyere yrkesfagskole (THYF) avd. Trondheim. Det vert eit nett- og samlingsbasert årsstudium over to år.
Foreininga Norsk Gardsost har vore med på utviklinga av tilbodet. Fagskulen Vestland er ansvarleg institusjon, men studiestader vil vera SJH i Aurland og THYF i Trondheim.
Ysteriet ved SJH er nyleg oppgradert til eit romsleg og moderne produksjons- og undervisningslokale.
Kva er fagskule?
Fagskule er ei yrkesfagleg høgare utdanning. Dei som søkjer på dette studietilbodet, må ha fullført vidaregåande skule innanfor restaurant- og matfag eller naturbruk, eller ha relevant yrkeserfaring. Det er ikkje krav om generell studiekompetanse. Dei som fullfører utdanninga, får ein fagskulegrad i handverksysting og får tittelen ysteteknikar.
Målgruppe for studiet
a) Dei som driv eller er tilsette på handverksysteri/gardsysteri
b) Dei som ynskjer å starte ysteri eller jobbe hjå andre
c) Produksjonsmedarbeidarar i meieriindustrien
Om studiet
Mjølkeforedling i praksis og teori er det sentrale innhaldet. Studiet er inndelt i følgjande emne:
- Mjølkeforedling og grunnleggjande produksjon
- Kvalitetsarbeid i mjølkeforedling
- Marknadskunnskap
- Bedriftsøkonomi
- Hovudprosjekt
Utdanninga blir avslutta med eit hovudprosjekt. Der tek studenten utgangspunkt i ei problemstilling hen har særleg interesse for, innanfor emne det er undervist i.
Gjennom studiet blir det veksling mellom forelesingar, arbeidsoppgåver individuelt og i grupper, utferder til mjølkeforedlingsverksemder, presentasjonar og rettleiing.
Hjå Fagskulen Vestland finn du nærare opplysingar om utdanninga i handverksysting. Under avsnittet “Læringsutbytte” kan du lesa kva kunnskapar, ferdigheiter og generell kompetanse du vil få etter å ha fullført studiet Handverksysting – verdiskaping i mjølkeforedling.
Samlingar
Det blir i alt ni samlingar gjennom dei to studieåra, der kvar samling er på fire til fem dagar à ni timar. I tillegg kjem eksamen våren 2024.
Plan for samlingane (planen kan bli endra):
Haustsemester 2022: To samlingar på Sogn Jord- og Hagebruksskule (SJH) i Aurland
Vårsemester 2023: Tre samlingar på Trøndelag høyere yrkesfagskole avd. Trondheim (THYF)
Haustsemester 2023: Ei samling på SJH og ei samling på THYF
Vårsemester 2024: Ei samling på SJH, ei samling på THYF og til slutt eksamen på SJH
Kostnadar for studentane
- Det er inga studieavgift, men ei semesteravgift på 550 kr per semester
- Bøker og anna studiemateriell som ikkje er fritt tilgjengeleg eller som kan lånast
- Reise til og frå studiestaden og opphaldsutgifter på samlingane
Informasjon om opptak
Kontakt
Dersom du har spørsmål, kontakt Sogn Jord- og Hagebruksskule ved koordinator: Kristin Ryum.
tlf: 57 63 71 01 / epost: Kristin.Ryum@vlfk.no
Foto denne sida: Otilie Brubæk Stokseth, Osteglad, Dora Bouman, Elisabeth Fagerland