Stølsdrift

Sidan 1992 har elevar ved Sogn Jord- og Hagebruksskule (SJH) vore på Sinjarheim i Aurlandsdalen. I løpet av eit par veker om sommaren lærer dei om gamal stølsdrift.

Elevar og lærar har med seg geiter til Sinjarheim. Kvar elevgruppe får øve seg nokre dagar med handmjølking og førefallande tiltak i kulturlandskapet. Mjølka vert ysta til brun og kvit ost. I tillegg til å vera ei positiv oppleving for elevane, er dette også interessant for dei mange fotturistane som ferdast i dalen.

SJH sine geiter er elles på stølen Kårdalen i Flåmsdalen frå juni til september. Sjå www.rallarrosa.no

Sinjarheim på Wikipedia: les meir!