Livet på skulen

Dei fleste elevane ved skulen bur på internatet. Dette gjev grunnlag for eit levande miljø både om kveldane og i helgane. Elles er det rikt høve til fritidsaktivitetar både på skulen og i bygda elles.

Tilbod på skulen

  • Elevane kan få bruke verkstadane på skulen i fritida etter nærare avtale. Her kan dei drive med tre-, ull-, skinn- eller metallarbeid.
  • Ridebane og skulehestar.
  • Skulen har robåt og to kajakkar som kan nyttast av elevar og tilsette etter avtale med ansvarleg.
  • Elevane får disponere eit areal der dei i fellesskap kan dyrke sine eigne grønsaker i fritida.
  • Elevane kan etter avtale få låne ei hytte som skulen har i Rasmusdalen – i fjellet mellom Aurland og Hallingdal.

Tilbod i bygda

Rett i nærleiken av skulen ligg eit kommunalt idretts- og samfunnshus med gymnastikksal og symjebasseng og ein fleirbrukshall (Aurlandshallen). I same område er det eit moderne utandørs idrettsanlegg som er ope for alle. Her er det styrkerom og ein kan velje mellom organiserte tilbod med volleyball- og handballtrening, herre-/dametrim, step, boksing, miniatyrskyting og klatring.

I Aurland er det mange lag og kulturelle aktivitetar der elevane er velkomne til å delta, slik som songkor, korps, husflidslag, musikk- og kulturskule, gamaldanskveldar, Røde kors m.m. Elles fins det kino, bibliotek og bakeri med mykje økologisk og lokal mat:

Fjella og fjorden innbyr til turgåing, jakt og fiske: