Lærarane: Gunnar Rosten

I denne serien presenterer vi alle dei dyktige og hyggelege lærarane på SJH. Nyaste person ut er Gunnar Rosten, som underviser i  teknikk.

Gunnar Rosten er utdanna anleggsmaskinreparatør og underviser i teknikk. Han har to fagbrev: reparatør tunge kjøretøy og anleggsmaskinmekanikar. Gunnar har jobba med tunge kjøretøy i 25 år, mellom anna mykje med lærlingar og som sensor på fagprøve. No er han i gong med praktisk-pedagogisk utdanning.

Gunnar er oppvaksen i ei lita bygd innerst i Hardanger som heiter Skare. Der var han kvar ledige stund på den vesle garden til onkelen sin, ein liten gard med 70 vinterfôra dalasau. Oppe i bratta på veg mot Aurlandsfjellet har han no ein liten hage med to morelltre. Men det er kona som har grønast fingrar, Gunnar har ifølgje seg sjølv mest svarte.

Vi må alle dra i same retning for å få flest mogleg til å byrje med berekraftig økologisk landbruk – det er framtida. SJH er rette plassen, med høg kompetanse innan faget!

Presentasjonen av alle lærarane finn du her.