Lærarane: Mathias Lehrmann

I denne serien presenterer vi alle dei dyktige og hyggelege lærarane på SJH. Nyaste person ut er Mathias Lehrmann, som er fagansvarleg for Planlegging og produksjon, og elles underviser i emne relatert til jord og plante.

Mathias Lehrmann har si utdanning frå NMBU på Ås, og har gjennom studietida vore opptatt av livet i jorda og korleis ein kan skape berekraftige landbrukssystem. Mathias har skaffa praktisk erfaring ved å arbeide på gardar i Norge, England og i sitt heimland Danmark. På SJH er han fagansvarleg for Planlegging og produksjon (Vg3) og underviser elles i emne relatert til jord og plante. Ein del av stillinga til Mathias er sat av til arbeid med hagebruk og kompostplass. Som lærar har han ambisjon om å vere eit best mogleg bindeledd mellom det som skjer i den daglege drifta på garden og teorien i klasserommet. SJH er unik på den måten at skulen har ein allsidig driven gard som ein del av klasserommet sitt. Dette gir moglegheit til å forstå og opparbeide seg ferdigheiter innanfor det store og mangfaldige fagfeltet vi kallar landbruk. Mathias trur aldri behovet for å kunne noko om dette har vore større, og verda treng folk med kompetansar og erfaringar med korleis ein kan skape ei berekraftig verd. Om SJH seier Mathias:

«Å lære seg om det levande, det som spirer og gror, gir eit fast haldepunkt og tryggleik i livet. På SJH får du moglegheit til å tileigne deg erfaringar og kunnskap som verda treng».

Presentasjonen av alle lærarane finn du her.