I denne serien presenterer vi alle dei dyktige og hyggelege lærarane på SJH – i alfabetisk rekkefylgje. Tredje person ut er Bjørg Fritsvold, som mellom anna underviser i økonomi og rammevilkår for landbruket:
Bjørg Fritsvold har landbruksutdanning på masternivå frå NMBU. Ho har jobba med landbruk i praksis og teori heile livet, og hovudinteressa er allsidig økologisk landbruk. Bjørg bur i Fresvik i Vik kommune. Der har ho inntil no drive gard med sauehald og produksjon og foredling av økologisk svarthyll, og kjem til å vere aktiv også etter at ny generasjon tek over.
Bjørg underviser i økonomi, rammevilkår for landbruket og tilknytta tema i faga forvaltning og drift (Vg2) og gardsdrift (Vg3). Ho meiner at økologisk landbruk er framtidas landbruk. Målet må vere å produsere mat av høg kvalitet på ein måte som tryggjar matforsyning til komande generasjonar, og at den vert rettferdig fordelt. For å koma nærast mogleg dette målet krevst kunnskap og utvikling av ny kunnskap. Om SJH seier Bjørg:
Her er engasjerte og fagleg dyktige lærarar og eit svært allsidig skulegardsbruk der det er mykje praksis, slik at eleven kan velja ut sitt område å fordjupa seg i. Etter avslutta agronomutdanning på SJH sit ein att med eit stort nettverk av venner og kjende som ein kan diskutere faglege spørsmål med.