I denne serien presenterer vi alle dei dyktige og hyggelege lærarane på SJH – i alfabetisk rekkefylgje. Andremann ut er Barry O’Mahony, som underviser i fruktdyrking og stell av frukttre og bærbuskar:
Barry O’Mahony har jobba som frivillig på mange ulike gardar i fire land, og studerte økologisk hagebruk i heimlandet sitt Irland. Han har budd i Norge sidan 2011 og er fascinert av alt på, i og bortanfor kloden vår. Barry har ikkje dyr eller planteproduksjon privat, men har det på ein måte likevel fordi han bur ved frukt- og bærfeltet på skuleområdet. Han er ansvarleg for bigarden på SJH, og er glad i å minne «husdyrfolka» på at han er den som er ansvarleg for flest husdyr!
Barry underviser i fruktdyrking og stell av frukttre og bærbuskar innan faga forvaltning og drift (Vg2), produksjon og tenesteyting (Vg2) og yrkesfagleg fordjuping (Vg2). Han meiner økologisk landbruk er viktig mellom anna av di jordforureiningar har vorte artstruande. Vi har eit val, og kan vere ein del av problemet eller ein del av løysinga. Om SJH seier Barry:
Staben her har kompetansen og viljen til å leggja til rette for at elevane finn eigne retningar. Det eg likar best ved SJH, er at skulen er ein læringsarena òg for oss som underviser! Eg betraktar meg sjølv som ein evig student.