Yrkesfagleg fordjuping

YF-fordjuping har ni timar per veke i snitt gjennom året. For å gje elevane mulegheiter til å velje ulike tema er yrkesfagleg fordjuping på SJH delt i to, slik at kvar elev vel eitt grønt og eitt blått tema og følgjer sine fordjupingsval. Grøne og blå dagar vil verte spreidd utover timeplanen litt etter sesong. Dessutan vil det bli sett av kring to veker til utplassering/praksis i ei bedrift/på eit gardsbruk. Praksisvekene finn du på skuleruta. Sidan det er begrensa med plassar på kvart tema, er det ikkje sikkert at alle får fyrstevalet sitt.

Grøne tema Blå tema
Hagebruk Foredling
Hest Husdyr
Bygg Entreprenørskap

Fordjupingsemna har som mål å gje elevane særskilte kunnskapar og ferdigheiter. Enkelte tema vil overlappe noko med felles undervisning. Det vert lagt vekt på praktisk kunnskap i yrkesfagleg fordjuping.

Hagebruk

Er du interessert i å utvikle kompetanse i dyrking og omsetning av økologiske hagebruksprodukt er YF-hagebruk eit godt val. Elevane blir aktive i planlegging og gjennomføring av hagebruksproduksjonane på skulegarden. Over 20 dekar frukt, 7 dekar grønsaker, veksthusareal på over 1000 m2 og diverse slag bær til eige forbruk gir eit stort mangfald i den praktisk læringa.

Innhausting, lagring og omsetning gjennom gardsbutikken på skulen, marknadsdagar, lokale butikkar og restaurantar er inkludert som ein del av undervisninga. Om vinteren kjem planlegging av ny vekstsesong med frø bestilling, skjering og stell av frukttre. Planteoppal startar vi med allereie i februar. I tillegg vert det lagt til rette for biologisk mangfald med snekring og vedlikehald av fuglekassar og insekthotell. Så snart jorda er klar på våren kjem jordarbeid, såing, utplanting og stell. Innføring i teori og praksis innan biologisk-dynamisk landbruk er også eit tilbod som vert gjeve i YF-hagebruk.

Hovudlærarane er Nathaniel Mead og Monica Gjesdal Larsen. Nat er født og oppvaksen i ei landbruksbygd på nordaustkysten av USA, men flytta til Norge i 1986. Han har jobba med økologisk og biodynamisk landbruk sidan 1982 med spesiell interesse i grønsaksdyrking og kompostering. Nat tok sjølv øko-agronom utdanning ved SJH i åra 1989-90 og er vidareutdanna i naturbruksdidaktikk ved NMBU på Ås. Sidan 1990 har Nat jobba på SJH som lærar i jord- og planteproduksjon og i mange år har han hatt produksjonsansvar for grønsaker. Monica var elev ved SJH i perioden 2004 – 2006. Ho har praktisk pedagogisk årsstudium i naturbruk ved sida av kurs i Inn på Tunet. Monica har 8 års erfaring frå grønsaks- og urtedyrking på SJH og har ei spesiell interesse for økologisk oppal.

 

Brukshest

Dette valet passar både for nybegynnarar og vidarekomne. Har du planar om å bruke hest på garden, i skogen, eller til kløvjing får du eit godt utgangspunkt ved å velja YF-hest. Du får opplæring i bruk av hest i bakkearbeid, mykje køyring med vogn, våronnarbeid, kløvjing og i skogen for å trekkja ut tømmer. Undervisinga tek og føre seg stell av hest, fôring, hovstell og sjukdom med utgangspunkt i hesten sine naturlege behov og åtferd. Det vert undervist både praktisk og teoretisk. Du får også tileigna deg grunnleggjande kunnskapar i sying av lær. Du vert dermed i stand til å laga utstyr sjølv, og i tillegg utføre enkelte reparasjonar i det meste som er laga av lær.

Lærarane i dette faget er Janicke Hoel, som er utdanna køyreinstruktør, og Hannah Jane Wood, som er utdanna barfottrimmar. Begge to har brei kunnskap og erfaring med hest. Skulen har ein fjording, og låner ein kaldblodstravar. I tillegg har Janicke og Hannah høvesvis to og tre islandshestar, og i år vert desse brukt litt i undervisinga. Som elev vert du oppfordra til å bruke skulen sin fjording på fritida di.

 

Bygg (med vekt på grindbygg)

Praktisk innføring i byggjeteknikk for grindbygg, ein byggjemåte som går langt attende i tid. Elevar med interesse av handverkskultur, lokal verdiskapning og eigen vidareforedling av trevirke vil få stor glede av å velje dette som fordjuping.

Heile grindhuskonstruksjonen kan setjast opp utelatande av trevirke, slik at ein ikkje er avhengig av innkjøpte jernboltar eller spikar. Råvarene kan takast ut og foredlast lokalt, og med det får vi optimal ressursutnytting frå ståande virke i skogen til eit ferdig råbygg. Grindhusa har mange bruksområde. Eit grindverkshus er lett å montere, demontere og transportere. Denne byggjemåten kan ein bruka i dag til garasjar, bustadhus, driftsbygningar, mindre servicehus, naust, bodar o.l. I dette fordjupingsemnet vil du læra om eigenskapar og styrke til ulikt trevirke. Mykje praktisk bruk av sag og handverktøy med samanføyingar utan bruk av spikar og skruer – og alt dette endar til slutt opp i eit byggverk. Elevar ved SJH har sett opp mange bygg som kler omgivnadane i bygda!

Det vil og verta nytta noko tid til nybygg og vedlikehald av andre bygg på gardsbruk.

Læraren er Thorvald Tokvam frå Aurland. Han har undervist ved SJH mange år i fleire fagområder. Han driv eige gardsbruk med sau og turisme.

 

Foredling

Dette er valet for deg som er interessert i å foredle eigne eller andre sine råvarer. Mange råvarer frå landbruket har ei avgrensa haldbarheit som ferskvare. I foredlingsfaget vil du få kjennskap til kva som bryt ned/endrar matvarene, konserveringsmetodar for å kunne ta vare på ulike råvarer, samt å produsere produkt med forlenga haldbarheit. Du får og kunnskap om råvarene sin ernæringsmessige kvalitet. YF-foredling skal inspirere til matlaging, produktutvikling og nyskaping. Frukt, bær, grønsaker og korn er dei primære råvarene du jobbar med, samt at du får ein gløtt inn i mjølkas mysterium og naturens kjøken. Undervisninga er både teori og praktisk arbeid, der den praktiske delen vil utgjere hovuddelen.

I tillegg til at det vert sett av noko tid til ei individuell oppgåve, skal du aktivt delta i å forme din eigen læreplan og innhaldet i undervisningsøktene.

Døme på kva elevane har gjort tidlegare år: Pressing av eplesaft, koke syltetøy og hermetisering. Ulike metodar for konservering av grønsaker, blant anna mjølkesyregjæring. Gjær/surdeig- og takkebakst, mjølkeforedling til eigenprodusert yoghurt.

Hovudlærar er Gry Tokvam som har undervist i mange år ved den tidlegare vidaregåande skulen i Luster. Gry har og jobba mykje med lokalmat. Ho er utdanna husstellærar med vidareutdanning i samfunnsernæring, mat, kultur og tradisjon.

 

Husdyr

Er du interessert i husdyr som ku, sau og geit gir dette valet deg mykje praktisk erfaring med stell av dyr gjennom året. Vi er sjeldan i klasserommet, mest i fjøset. Vi reiser på ein del ekskursjonar til andre gardar for å lære og sjå korleis andre bønder driv. Kven vi besøkjer er delvis avhengig av elevane sine interesser, for eksempel har vi fleire gonger besøkt eit slakteri ved sida av ulike gardar med husdyr. Det er og fokus på gamle tradisjonar med vekt på Vestlandslandbruket.

Dette er hovudaktivitetane for husdyra vi har på garden og som elevane får innføring i:

  • Kyr: Dagleg stell med lufting i luftegarden, pussing, klypping, merking av kalvar, oppfølging av brunst, inseminering, val av okse, åtferd og helse.
  • Geit: Dagleg stell, klauvskjering, åtferd, kjeing, merking av kje, slakting og ettersyn av dyra i utmark.
  • Sau: Ettersank, det daglige stellet, paring, inseminering, utval av værar.

Lærar Even Hov frå Aurland har arbeida med husdyr sidan oppveksten og har mykje erfaring frå drift av geit, sau og ku. Han er utdanna agroteknikar i husdyr. Even er ein stor kapasitet når det gjeld å ta vare på tradisjonar. SJH driv tradisjonell stølsdrift på Sinjarheim ein periode om sumrane, der Even har hovudansvar. Even har, ved sida av undervisinga, driftsansvar for husdyra på garden.

 

Ungt entreprenørskap (Ungdomsbedrift)

Nytt av året er fordjupingsfag i økologisk entreprenørskap, knytt til oppstart av ei berekraftig ungdomsbedrift. Ungt Entreprenørskap (UE) i Sogn og Fjordane har utfordra SJH og ynskjer oss med på laget i den nye satsinga dei har i år på bærekraft og økologi.

Ungdomsbedrift (UB) byggjer på prinsippet om å lære ved å gjere. I løpet av skuleåret skal de bruke kunnskap frå mange fag på ein praktisk måte og få erfaring med å drive bedrift. Mykje av drivet, prosessen og læringa skjer på eiga hand. Med på laget har de og ein lærar og ein mentor frå lokalt næringsliv. Dei fungerer som rettleiarar.

Heilt på starten av skuleåret skal de stifte og registrere ungdomsbedrifta. De kan ta utgangspunkt både i eigne interesser og i staden sine ressursar og utvikle varer og tenester som de set dykkar eige preg på. De kan og utvikla noko heilt nytt som ingen har tenkt på tidlegare. Moglegheitene er mange.
I ungdomsbedrifta vil de sjå samanheng mellom skulefaga og korleis arbeidslivet fungerer. Gjennom faget får de moglegheit til å tileigne dykk kunnskap på en annleis måte og gjere egne erfaringar.
Det må vera minst to deltakarar i ei ungdomsbedrift.

Lærarane vil vere Marco Neven, Aksel Hugo og Jorunn Barane.