Sommarkurs

På SJH legg vi stor vekt på å få til eit heilskapleg opplegg, med best mogeleg samanheng mellom teori og praksis gjennom dei to skuleåra. Vg2 og Vg3 vert difor lagt opp som eit toårig løp, der undervisinga på Vg3 startar opp med eit sommarkurs på omtrent tre veker. Dette foregår i siste halvdel av juni og første halvdel av juli, med litt variasjonar frå år til år når det gjeld datoar. Deretter får elevane omtrent fem vekers ferie fram til «ordinær» skulestart som er rundt 20. august (pluss/minus).

På sommarkurset får elevane delta i praktiske øvingar og markvandringar, og får på den måten følgje utvikling og nødvendig stell i dei ulike kulturvekstane i denne viktige delen av veksttida. Dei praktiske øvingane får dei først og fremst i grønsaker og potet og ein del i veksthuset. Dei har vore igjennom praktiske øvingar i dei andre kulturane på Vg2, og får følgja desse i utviklinga ved å delta på markvandringar gjennom sommarkurset. På ein lengre skuletur får dei innblikk i økologiske gardsbruk i andre landsdelar. Kvar elevgruppe får òg oppleve nokre dagar med stølsdrift – det vil seie mjølking av geiter og ysting på gamlemåten på Sinjarheim i Aurlandsdalen.

Les reportasje og sjå bilete frå skuleturen 2017 her.

Les reportasje og sjå bilete frå skuletida på garden sommaren 2017 her.

Les reportasje og sjå bilete frå skuletida på stølen Sinjarheim sommaren 2017 her.

Her er ein film frå då elevane mjølka og ysta på stølen Sinjarheim i Aurlandsdalen 2017: