Opptakskrav

Grunnlag for inntak til Vg2 Landbruk og gartnernæring, økologisk er:

  • Fullført Vg1 Naturbruk (etter Kunnskapsløftet) eller
  • Grunnkurs Naturbruk (frå Reform 94) eller
  • Tilsvarande kompetanse

Det er slik at alle som har fullført Vg1 naturbruk har fyrsteprioritet. Dersom det er ledige plassar etter at alle med Vg1 Naturbruk er tekne opp, så tek vi opp dei som har Vg1 (eller meir) frå andre programområde og som har tilfredsstillande landbrukspraksis etter vår vurdering. Krav til praksis for å koma inn på Vg2 hjå oss er de følgjande fire punkt:

• minst 3 veker samanhengande praksis med stell av husdyr (anten ku, geit, sau, gris eller hest). Dersom ein ikkje har samanhengande praksis er samla krav 4 praksisveker.

• minst 3 veker samanhengande praksis med planteproduksjon anten på gardsbruk, gartneri eller parkanlegg. Dersom ein ikkje har samanhengande praksis er samla krav 4 praksisveker.

• kjennskap til korleis ein traktor fungerer og skal ha prøvd enkel traktorkøyring under tilsyn på ein gard eller liknande.

• kjennskap til korleis ei motorsag fungerer og skal ha prøvd enkel bruk av motorsag under tilsyn på ein gard eller liknande.

Eleven må syte for å ha ei attest på at dette stemmer, alternativt gje opp namnet på ein person som skulen kan kontakte for å få stadfesta at eleven har praksis etter desse krava. Slik praksis kan eleven skaffe seg i løpet av tida fram til skulestart.

Dersom du kjem inn utan Vg1 Naturbruk får du kompetansebevis etter gjennomført Vg3 Landbruk, økologisk. Dei som har Vg1 Naturbruk får vitnemål. Alternativt kan du ta Vg1 Naturbruk som privatist, dersom du har ein del landbruksbakgrunn i frå før. Då er du sikrare på å koma inn, og du får vitnemål etter å ha fullført Vg3 Landbruk, økologisk.

På Vg2 Landbruk og gartnarnæring, økologisk vert det ved sidan av programfaga også undervist i fellesfaga kroppsøving, samfunnsfag, engelsk og norsk. Dei som har allmennfag frå før kan, etter særskild søknad, få fritak frå denne undervisinga.

 

Grunnlag for inntak til Vg3 Landbruk, økologisk er:

  • Fullført Vg2 Landbruk og gartnernæring, økologisk eller
  • Tilsvarande fagbakgrunn

Dei som har Vg2 Landbruk og gartnernæring, økologisk har fyrsterett til plass på Vg3 hjå oss. Dersom det deretter er ledige plassar tek vi opp dei som har Vg2 Landbruk og gartnernæring, ordinær eller med andre spesialiseringar. Dersom det er ledige plassar deretter så tek vi opp godt vaksne elevar som kan dokumentere alle de følgjande:

• minst 6 veker samanhengande praksis med stell av husdyr (anten ku, geit, sau, gris eller hest).

• minst 6 veker samanhengande praksis med planteproduksjon anten på gardsbruk, gartneri eller parkanlegg.

• kunnskap om korleis ein traktor fungerer og ha erfaring med noko traktorkøyring på tun eller jorde.

• kunnskap om korleis ei motorsag fungerer og ha brukt motorsaga under tilsyn ved felling og kvisting av tre.

Med dagens pågang for å gå Vg3 her hjå oss er det liten sjanse for å koma inn på Vg3 utan å ha fullført Vg2 Landbruk og gartnarnæring.

 

Skulen er landsline, og det vil seia at elevar frå heile landet har same rett til elevplass.

Du kan søkja her!