Geiteeventyr i Øygarden

Eitt eventyr vart fort til fleire med fjøsveke og mjølking av geit i Øygarden.

Tekst og foto: Sunniva Steinsund Skeidsvoll

I Øygarden, som ligg mellom Vassbygdi og Stondalen, ligg eit rustikt mjølkehus frå tidleg 80-talet idyllisk til mellom fjell, elv og fossande vatn. Her veks stornesla i frodig jord og avslører eit koltbord av næringsrikt grovfôr for SJH sine 45 mjølkegeiter og dei tolv kjea som er att. Her vert geitene sleppt tidleg mai, fram til dei vert buført til Sinjarheim for stølsliv og mjølking for hand seint juni. Fram til då har geitene fritt spelerom til å beite, utfalde seg og berre vere geit innimellom herlegdomen i Øygarden.

Geitene sin favoritt-ting i verda var tilsynelatande å springe i førevegen av bilen etter mjølking og ta seg god tid på å klatre oppetter fjellveggen.

Berre bilturen var eit heilt eventyr i seg sjølv; å reise av garde klokka seks om morgonen og klokka tre om ettermiddagen for å køyre i eit landskap av turkist vatn som glitrar i sola, eller å køyre på ein humpete fjellveg i ein gammal pickup. Turane til mjølkehuset er ein del av skulen si obligatoriske innføring i praktisk gardsdrift; under fjøsveka får ein som elev vere med på den praktiske utføringa av gardsarbeid ved sida av den ordinære skuleundervisninga.

På vegen opp spør eg husdyrlærar Even om kva han synast er det kjekkaste med fjøsveke og turane til Øygarden. Han ler hjarteleg: “Det er vel opplevinga, då. Så flott terreng, stilt og roleg”. Om geitene seier Even:

Dei har det jo heilt topp. Her styrer dei seg sjølve. I Øygarden er det fritt og godt; ingenting som stenger dei utanom elva. Dei er i sitt rette element.

I Stondalen er nok ikkje berre geitene i sitt rette element. Husdyrlærar Even Hov har mjølka geit sidan han var ein liten gut; i mjølkehuset i Øygarden trur eg jammen meg han passar rett inn, han også!

Geitene har ikkje same mjølkesystem her som hjå mjølkekyra i skulefjøset. Til mjølkinga av geitene brukar me difor mobile mjølkespann som kan fraktast i pickupen og koplast til den bensindrivne vakuumpumpa i mjølkehuset. Det tok ikkje lang tid før rutinane med å kople til, vaske, prøvemjølke og mjølke var godt innarbeida, og etter kvart kjende eg meg trygg og sjølvstendig i heile prosessen. Mjølka sila me gjennom eit mjølkefilter før ho vart transportert i det store mjølkespannet tilbake til mjølketanken på skulen. Herifrå vaska me alt av utstyr og gjorde alt klart til neste tur.

Mjølking av geitene bydde på nok av eventyr: Som då eg sprang i førevegen for å sanke rosenrot etter mjølking medan lærar Hannah sleppte geitene, og ho plutseleg kom køyrande med heile flokken hakk i hæl. Eg heiv rosenrøtene og meg sjølv inn i pickupen medan Hannah gira opp i rekordfart. Så der køyrde me raskare enn lynet på ein humpete veg med ein vill geiteflokk på slep til songen «Ballroom Blitz» på radioen.

Eller då me flytta dei tre «killingane Bruse» til Prestøyna; for ikkje å snakke om dagen dei rømte derifrå og Aurland plutseleg fekk sine fyrste lokale villgeiter. Eller då halve og somme tider heile geiteflokken fekk føre seg at dei ikkje ville mjølkast, og mjølkinga plutseleg vart ei geitesanking i staden. Ein må jo nesten berre le av desse herlege, sjølvstendige skapningane. Som Even seier:

Ingen husdyr er så elska og hata på same tid; har geitene fyrst sett føre seg noko, så vert det slik.

“Brace for impact”! I det Even sleppte geitene inn gjaldt det å kome seg langt vekk frå døropninga.

Fjøsveka har vore ei vakker oppleving. Ikkje minst er det kjekt å sjå korleis geitene trivst i sine naturlege omgivnader, der dei får beite, klatre, utforske og leike. Me vert dessutan stadig meir merksame på kva for ein viktig jobb beitedyra gjer med å nytte seg av våre naturgitte ressursar i form av utmark og fjell. Landet vårt har store unytta potensial, og beitedyra er på mange måtar våre viktigaste støttespelarar i kampen om lokal matsikkerheit. Geitene kjem seg til på stader som ein fôrhaustar berre kan drøyme om, og me har fyrsteklasses grovfôr som me ikkje klarar å nytte oss av utan dei. Beiting er altså ikkje berre god dyrevelferd; utan beitedyra går naturlege ressursar tapt og gror att.

Samstundes veit me at mjølkeselskapet Tine, som me leverer mjølk til, ynskjer å redusere celletalet i geitemjølka. Celletal er eit mål på talet somatiske celler i mjølka, og det er i stor grad celletalet som avgjer “kvaliteten” til mjølka. Innstramminga til Tine har vorte tolka som eit potensielt ideal om eit tilnærma likt celletal hjå ku og geit. I forhold til dyrevelferd og naturleg dyrehald veit me at dyr som er ute på beite har eit naturleg høgare celletal enn dyr som står inne på bås. Ein kan seie at celletalet er prisen ein må betale for at dyra skal få leve på ein slik måte som Tine ofte framstiller på mjølkekartongen. Om celletalet i geitemjølka skal kunne konkurrere med celletalet i kumjølka vert ein i praksis nøydd til å halde geitene inne heile, eller i alle fall store delar, av året. Dette tyder kanskje slutten for mange geitebruk, då marknaden rett og slett ikkje er tilpassa eit naturleg geiteliv lenger.

Slike augeblinkar håpar eg mange etter meg får glede av. La oss håpe at det også i framtida er tilrettelagt for det.