Det har vore ei spesiell tid i Aurland no som Vg3 har avslutta skulegongen sin og har reist vekk frå bygda. Med seg har dei mykje ny kunnskap og mange gode minne. Her får du høyre kva fire av dei hugsar best frå tida på skulen.
Tekst og foto: Tord Skrudland Kjeldsen
Sif Thieme, 22 år, frå København i Danmark:
Mitt beste minne frå SJH må vere då me hadde jordarbeidøving og me skulle pløye om ei gamal eng og så i nytt attlegg. På slutten av dagen, akkurat då me hadde byrja å så, kom regnet. Me var i tvil om me kunne fortsetje, for såmaskina tettar seg fort når jorda vert blaut, i tillegg til at jorda lettare blir pakka. Medelev Tord sat i traktoren med såmaskina, og me prøvde å få han til å stoppe opp og avbryte såinga, men han såg ikkje (eller ville ikkje sjå) at me sto og veiva med armane kvar gong han snudde på vendeteigen. Til slutt var heile stykkjet sådd i, og det gjekk heldigvis greit…
Elisabet Slåtta Thomsen, 28 år, frå Vinje i Telemark og Kollafjørður på Færøyane:
Sinjarheim. Det var Sinjarheim. Fordi det var uten maskinar. Det ein får til uten maskinar og moderne teknikk, selv om det er kronglete, det er heilt fantastisk. Der oppe var det alltid god stemning. Å mjølke utandørs i solskinn, regn, hagl og snø og storm det var fint. Det var ikkje kjipt når det var dårleg vêr, det var berre fint saman med gode folk.
Og så vil eg seie at det er elevane som gjer skulen så bra. Det er hyggelege, engasjerte folk med mykje kunnskap. Stort mangfold i kva folk kan og har med seg frå før gjev ein god balanse på skulen.
John Sigve Kalnes, 19 år, frå Alverstraumen i Hordaland:
Det må vere turane vi har hatt til gardsbruka hjå andre bønder. Det er kjekt å sjå korleis andre driv garden sin. Det er fint å lære og bli inspirert av kva andre har gjort og korleis dei har fått ting til. Spesielt godt var besøket på Virgenes Andelsgård under sommarkurset etter Vg2. Der har dei bygd opp ein kjempeflott marknadshage. Sinjarheim var òg ei god oppleving.
Og no som eg er ferdig: Eg skal drive gard med bier, sauer, grønsaker og kanskje bær i framtida.
Frederik og medelev Andreas testar ut nye traktorar på Dyrsku’n Eit av haustens høgdepunkt: Reinsdyrjakt i fjellet Høyonn og sommarvarme Undervisning i plommehagen
Frederik Skelbæk Berntsen, 24 år, frå Sørå i Danmark:
Dei beste minna er frå alle rusleturane bort til gartneriet. På vegen går ein forbi fjøsåkeren og ser til marknadshagen. Tittar innom komposten for å sjå korleis ting står til der. Tek ein avstikkar til urtesirkelen for å ta eit persilleblad i munnen og nett sjå korleis det går i elevhagen, med alle elevane sine små prosjekt. Og sjølvsagt må ei innom tomathuset. Der er det så frodig og grønt, som i ei heilt anna verd. Og kanskje er det tid for å plante ut tomatplantane? Der er eit salatblad ein kan smake på. Kanskje er det ein plante ein må vatne og gi litt kjærleik på sin veg. Inne i veksthuset blir ein heil overvelda av alle oppalsplantane som spirer og veks seg store, og minnar oss om at det er vår og snart tid for utplanting. Og heilt sikkert er gardsbutikken open, der må ein inn. Og har ein ikkje allereie no stoppa opp og prata med ein heil del folk undervegs, så gjer ein det no. Kanskje man får prata litt med Ellingsen og spurt korleis det går i hagen hjå han. Derfra går det ein liten svipptur til sauefjøsen og opp sauestien som fører ut i verden.