Grønsakskasse frå SJH

SJH treng di hjelp for å skape eit betre tilbod for kjøp av økologiske og kortreiste grønsaker! Me ynskjer ei enkel og effektiv ordning, og håpar dykk vil svare på dei kjappe spørsmåla under. 

Valet står mellom ei ordning med REKO-ring eller med grønsakskasse. Her kjem litt informasjon om dei ulike ordningane:

REKO-Ring er ei plattform der lokalprodusentar møter forbrukar via ei facebook-gruppe. REKO er stort i heile Noreg, og det er REKO på Voss og Sogndal. Du må sjølv følgje med på annonsane som produsentane legg ut, og legge inn bestilling hos kvar enkelt. Mange ulike produsentar kan lett delta på REKO. Ein møter opp fysisk for å gjere avtalte transaksjonar kvar andre veke. REKO står for REttferdig KOnsum.

Sjekk ut REKO for Voss her:  https://www.facebook.com/groups/1398173936955504/about/

Og Sogndal her:  https://www.facebook.com/groups/785757611798212/

Grønsakskassen er bondens eigen samansetting av sesongens beste og ferskaste råvarer. Utvalet og vekta på kassa vil variere gjennom året. Det blir tilbod om liten kasse for 2-3 personar og stor kasse for 4-6 personar. Kassa vil leverast 2 – 4 gangar i månaden etter ynskje. 

Grønsakskassa bestillast av kunden og leverast på avtalt sted og tid. 

Vi blir veldig glade om du kan svare på desse spørsmåla – det tar ikkje mange minuttane! Så skal vi utvikle grønsakskassa til deg.

Klikk på linken for å svare på spørsmåla i grønsakskasse-undersøkinga: LINKEN

Tusen takk for svar!