Driftsplanen er ein viktig del av undervisninga i Vg3

Det er mykje planlegging som må til for å lage ein driftsplan.

I Vg3 er skulekvardagen prega av å gå djupare inn i faga knytt til agronomutdanninga. Dette året skal gjere elevane i stand til å planleggje og gjennomføre drifta av eit gardsbruk på ei god måte.

Tekst og foto: Tord Skrudland Kjeldsen

Ein raud tråd gjennom heile året er arbeidet med tverrfagleg driftsplan. Her skal elevane igjennom fleire deloppgåver som leiar fram til ein heilskapleg driftsplan på slutten av året. Denne planen er knytta til drifta av eit gardsbruk som eleven kan velje sjølv. Dei som er så heldige å komme frå gard knyttar gjerne oppgåva til denne garden, men det er fullt mogleg å knytte seg opp mot eit gardsbruk ein har kjennskap til frå før, eller som ligg her i Aurland.

Det er lærar Bjørg som leiar arbeidet med denne driftsplanen, i samarbeid med husdyrlærar Kristin og plantelærar Nat. Driftsplanen tar utgangspunkt i kva for produksjon som er på garden i dag og kva for produksjon eleven ynskjer og ser føre seg å drive med på garden i framtida. For dei som skal overta gard når dei er ferdig utdanna agronomar, kan dei nytte driftsplanen som eit verktøy i overtakinga. Ein skal til dømes lage eit oversyn over kva for investeringar som må til og korleis ein skal finansiere desse.

Om ein har ein gard å overta eller ikkje, er driftsplanen ein god og praktisk måte å gå i djupna på dei praktiske og teoretiske utfordringane ein har knytt til ei gardsdrift. Ein skal lage fôrplan, gjødslingsplan, planleggje vekstskifte på garden og ein grønsaksproduksjon. Det er mykje arbeid med rekneark i Excel, og både teorien og praktiske kunnskaper må vere på plass for å løyse utfordringane på ein god måte. Det krev ein god del tenking rundt praktiske løysingar når ein skal jobbe teoretisk. Eit døme på dette er når ein må finne ut om det er realistisk at ei ku kan ete 12 fôreiningar kvar dag for å dekke behovet for energi i topplaktasjonen. Kanksje må ein finne meir konsentrerte fôrmidlar å fôre med i tillegg for å få det til å gå opp.

Det heile startar med å skildre kva for drift som er på garden i dag og lage ein plan for kva ein har lyst til å gjere sjølv. Om garden blir drive konvensjonelt må ein finne ut korleis ein skal leggje om produksjonen til økologisk. Deretter fylgjer ei oppgåve der ein skal planleggje ein grønsaksproduksjon gjennom eit heilt år. Kor mykje frø skal ein bestille? Og når skal ein byrje med oppal for purren? Treng gresskara fiberduk eller greier ein det utan?

Etter kvart som ein arbeidar med driftsplanen skjøner ein korleis alt har ein samanheng når ein skal drive eit gardsbruk

For husdyra skal ein lage ein fôrplan, der ein på best mogleg vis planlegg fôringa dyreslaget på garden treng gjennom året. Kor lenge sauen går på utmarksbeite påverkar kor mykje fôr ein har til vinterfôringa, og igjen kor mykje husdyrgjødsel ein har tilgang på. Gjødselplanen tek utgangspunkt i kva for dyreslag ein ser føre seg på garden, og kor mange ein ynskjer. Jordprøvar frå garden syner kva ein har å jobbe med og mot når det gjeld tilførsel av næringsstoff. Sjølv om det i økologisk produksjon er eit mål at garden skal vere sjølvforsynt på gjødsel, kan det hende jordprøvane til garden din syner at ein bør kalke, eller kjøpe inn andre mineral for å skape gode tilhøve for jordlivet og det ein planlegg å dyrke på garden.

Økonomi er ein viktig del av driftsplanen. Det heile skal jo til sjuande og sist gje ei inntekt til bonden. Dekningsbidrag er grunnlaget i økonomidelen av driftsplanen, og ein blir til slutt ein kløpper til å finne dei variable kostnadene knytt til ein produksjon. I tillegg må ein forhalde seg til lovar og reglar, og finne dei rette tilskotta ein har rett på.

Etter kvart som ein arbeidar med driftsplanen skjøner ein korleis alt har ein samanheng når ein skal drive eit gardsbruk. Gjødselmengda og avlingsmengda heng i hop, og dette påverkar tilgangen på fôr, som igjen påverkar mjølkeyting og arbeidsforbruket til bonden. Dei vala ein gjer vil på ein eller anna måte syne seg på botnlinja, og det er jo det som er utfordringa til dei fleste bønder: å få drifta til å løne seg samstundes som ein tek omsyn til omgjevnadane og dei naturgitte tilhøva på garden.

Etter praksisperioden skal Vg3-arane legge fram driftsplanane for resten av skulen, og det blir spennande og inspirerande å sjå kva for løysingar dei ulike elevane har valt for sitt gardsbruk.