Lærarar på fagtur til Danmark

Gulrøter på Kalø sådd i oktober – og nysgjerrige SJH-lærarar.

I november 2018 kom Morten, Natalia og Florence frå Kalø Økologisk Landbrugsskole i Danmark på vitjing til oss ved Sogn Jord- og Hagebruksskule. Ideen deira var å verte betre kjend med SJH for slik å finne fellestrekk ein kan samarbeida om i framtida. Dei imponerte oss med sin struktur og det at me såg fleire likskapstrekk mellom SJH og Kalø når det gjeld å drifte ein skulegard parallelt med opplæring av elevar; korleis kople skulegard og opplæring betre saman?

Kalø er den einaste heiløkologiske landbruksskulen i Danmark, slik SJH er det i Noreg.

Kvalitetsgruppa ved SJH, oppretta via pålegg frå Opplæringsavdelinga i fylket og med mandat til å følgja opp satsingar innafor pedagogisk utviklingsarbeid, avgjorde under eit møte i vinter at det skulle organiserast ein lærartur til Kalø i Danmark under utplasseringstida til Vg3 først i april. Invitasjonen til fagtur vart motteken med begeistring! Sjølv om fleire måtte melde pass, reiste åtte SJH-lærarar i ein Volkswagen Caravelle av garde på morgonen søndag 31.mars. Turen gjekk frå Aurland via Larvik og ferja over til Hirtshals både tur og retur, så me fekk utveksla mang ein tanke undervegs over fjell, vidder og sjø.

Endeleg framme på Kalø.

Heile søndagen gjekk til reisa, men tidleg måndag morgon var me alle gira på nye oppdagingar! Det var rett på sak. SJH-gjengen fekk ei godt planlagt omvising på skulegarden med introduksjon i både drift og korleis dei kopla opplæringa til den enkelte «stasjonen». Dette førte til mange nysgjerrige spørsmål og viktige diskusjonar undervegs. Første stopp var ved kaninane som hadde fått plassen mellom frukttrea der verpehøns hadde hatt tilhald over fleire år. Dei snekra ulike bur for å prøve ut kva som eigna seg, likeeins hadde dei ulike kaninrasar. Håpet var at kaninhald igjen kan vekse fram som ein nisjeproduksjon, der det i dag er opna opp for at bonden kan omsetje kaninkjøt direkte frå garden sin i småskala målestokk. Her ligg rett nok nokre finurlege krav som ein må kjenne godt til for å vere innafor regelverket.

Grønsaksvaskestasjon og herdingsplass.

Me fekk sjå innom små enkle drivhus der dei for tida heldt på med oppal av salatar og andre grønsaker. Kanskje har SJH eitkvart å lære av deira «i all enkelheit»-metode? Turen gjekk innom åkrar med utveksling av erfaringar omkring vekstskifte og drenasje i jord før me vitja storfefjøset, sauefjøset og utegrisen.

Den andre dagen i Danmark var det avtala fleire gardsbesøk for SJH-gjengen; me skulle verte betre kjend med landbruket i nabolandet i sør. Dette vart ein spanande dag med mange nye inntrykk og etterfølgjande faglege diskusjonar. Forholda våre i Sogneregionen eller landet vårt elles kan aldri målast opp mot danske forhold, men nokre utfordringar er felles og det er så viktig å sjå drifta vår i perspektiv.

Noko som appellerte til oss lærarar var møtestrukturen ved Kalø. Faste møtetider med korte og presise møter. På måndagar byrja elevane litt seinare enn andre dagar, då tilsette hadde utvida møtetid. Gardsstyrar var aktivt med i undervisinga og i planlegging av undervisingsdagen, noko dei kunne oppnå via dei korte, men daglege morgonmøta. Ved Kalø hadde dei fleste tilsette heiltidsstilling i motsetnad til ved SJH. Heiltidsstillingar gjer det enklare med fast møtestruktur, men uansett har SJH eitkvart å adoptere på dette feltet. Andre gode idear som kom til oss er den direkte koplinga mellom undervising og gardsbutikk, der frambud av varer, prising, sesong etc. var viktige tema.

Kjøkkenet ved Kalø hadde fleire heiltidstilsette som ved sida av å tilby fire måltid om dagen også hadde foredlingsoppgåver; dei foredla mange råvarer der produkta vart nytta i kantina eller også i gardsbutikken, som syltetøy, pesto og ulike bakevarer. På ettermiddagen stempla kjøkkenpersonalet av slik at arbeidsdagen vart innafor normalen, men då hadde elevgrupper kvar sine vakter med å varme opp mat frå kjøl til middag og kvelds, samt vaske og rydde opp igjen. Slik kunne prisane haldast nede også.

Matsalen på Kalø.

Takk til dei tilsette ved Kalø som tok så vel imot oss og takk til alle som deltok! Utover det landbruksfaglege fekk me nyte det gode danske vertskap, det småbølgjande danske landskap og jammen fekk me mjuka opp ganen litt også; etter eit lite glas under kveldsmåltidet kom «pota» på plass i halsen og nordmennene meistra (tilsynelatande) både dansk tale- og teljesystem. Det som gjeld no er å bygge vidare på dei mange idear medan dei enno er «friske» og inspirasjonen stor!

Natalia, som vitja SJH i november, peikande opp og fram 🙂

Tekst: Kristin Ryum

Foto: Monica Gjesdal Larsen og Nathaniel P. Mead