Lærarane: Thorvald Tokvam

I denne serien presenterer vi alle dei dyktige og hyggelege lærarane på SJH – i alfabetisk rekkefylgje. Sekstande person ut er Thorvald Tokvam, som mellom anna underviser i grindbygg, jordarbeiding, jakt/fiske og kjøtforedling.

Thorvald Tokvam er utdanna agronom ved SJH, studerte pedagogikk ved NMBU og har allsidig realkompetanse. Han driv eit økologisk sauebruk 2 km frå skulen, med interesse for tradisjonsrik foredling. På fritida er han oppteken av friluftsliv på fjellet med jakt og fiske. Thorvald underviser i bygg, grindbygg, teknikk/maskinar, jordarbeiding, jakt/fiske og kjøtforedling innan faga produksjon og tenesteyting (Vg2), yrkesfagleg fordjuping (Vg2), plante- og husdyrproduksjon (Vg3), utmark og kulturlandskap (Vg3) og næringsdrift (Vg3). Det står mange flotte grindbygg rundt omkring i Aurland og nabokommunane takka vere Thorvald og elevane hans. Om SJH seier Thorvald:

Ei utdanning i økologisk landbruk er framtidsretta. På SJH finn du òg eit sosialt inkluderande miljø, som er godt å læra i!

Presentasjonen av alle lærarane finn du her.