Lærarane: Per Thunshelle

I denne serien presenterer vi alle dei dyktige og hyggelege lærarane på SJH – i alfabetisk rekkefylgje. Femtande person ut er Per Thunshelle, som underviser i teknikk.

Per Thunshelle er fødd og oppvaksen i vakre Flåmsdalen på geite- og sauegard. Han utdanna seg som agronom ved SJH i 1979-80, og jobba som heiltidsbonde + som tømrar fram til 2003. Sidan då har han jobba på SJH sin skulegard, dei siste åra som gardsstyrar. Per bur fortsatt i Flåmsdalen, og har sau heime. Han underviser i teknikk innan faget produksjon og tenesteyting (Vg2). Per meiner det er fornuftig å velja utdanning i økologisk landbruk av di det kan vere starten på eit regenerativt landbruk. Om SJH seier Per:

Eg vil anbefala SJH om du ynskjer å utvikla deg til eit sjølvtenkjande menneske!

Presentasjonen av alle lærarane finn du her.