Lærarane: Nat Mead

I denne serien presenterer vi alle dei dyktige og hyggelege lærarane på SJH – i alfabetisk rekkefylgje. Fjortande person ut er Nat Mead, som underviser i  hagebruk, plantedyrking, kompostering og jordfruktbarheit.

Nathaniel Platt Mead vaks opp i ei landbruksbygd i Connecticut, USA, og opplevde tidleg ei stor interesse for natur og miljø. Han utdanna seg fyrst innanfor friluftsliv og jobba som instruktør på friluftsskuler i fleire år. Frå 1984 har han hatt fullt fokus på økologisk jord- og hagebruk. Nat er utdanna agronom ved SJH og har ein master i naturbruksdidaktikk frå NMBU. Han bur nær Aurlandsvangen med katt og ein bratt tomt med imponerande mykje frukt og grønsaker til eige bruk.

Nat underviser i hagebruk, plantedyrking, kompostering og jordfruktbarheit innan faga produksjon og tenesteyting (Vg2), forvaltning og drift (Vg2), yrkesfagleg fordjuping (Vg2) og plante- og husdyrproduksjon (Vg3). Han har erfaring med den biodynamiske landbruksmetoden og bakar dette inn i undervisinga der det er aktuelt. Nat meiner ei utdanning i økologisk landbruk gjev god innsikt, kunnskap og ferdigheiter i det grunnleggande for vår eksistens uansett om ein skal inn i eit yrke som bonde, gartnar eller noko anna. Om SJH seier Nat:

Her får ein kunnskap om og for livet! Kva tidlegare elevar jobbar med i dag varierer veldig, men tilbakemeldingane går på at åra på SJH var bland dei beste og mest nyttige utdanningsåra dei har hatt.

Presentasjonen av alle lærarane finn du her.