Lærarane: Monica Gjesdal Larsen

I denne serien presenterer vi alle dei dyktige og hyggelege lærarane på SJH – i alfabetisk rekkefylgje. Trettande person ut er Monica Gjesdal Larsen, som underviser i hagebruk med fokus på grønsaker og urter.

Monica Gjesdal Larsen tok agronomutdanning ved SJH frå 2004-06, og seinare praktisk-pedagogisk utdanning ved NMBU. Monica bur på Aurlandsvangen med katt og ein innhaldsrik kjøkkenhage. Ho underviser i hagebruk med fokus på grønsaker og urter innan forvaltning og drift (Vg2), produksjon og tenesteyting (Vg2) og yrkesfagleg fordjuping (Vg2)Elevane får mellom anna lære om dyrking til internatet, marknadar, restaurantar og lokale/regionale butikkar. Det er òg fokus på foredling av frø, som eit alternativ til nye genmanipuleringsteknikkar. Monica meiner at ei utdanning i økologisk landbruk gjev bevisstheit og kunnskap om ressursbruk som er berekraftig for komande generasjonar. Om SJH seier Monica:

Skulen har lang erfaring i økologisk landbruk, samstundes som vi stadig er i utvikling og søker ny kunnskap og nye impulsar. SJH er ein liten skule med elevar som er skapande og har stor vilje. Alle får moglegheit til å utvikla seg på sine fokusområde, og vi nyttar gardsbruket og naturen rundt oss som undervisningsarena. Elevane kjem med svært ulike bakgrunnar og skulen er derfor ein unikt mangfaldig institusjon i bygda!

Presentasjonen av alle lærarane finn du her.