Lærarane: Marianne Skudal

I denne serien presenterer vi alle dei dyktige og hyggelege lærarane på SJH – i alfabetisk rekkefylgje. Tolvte person ut er Marianne Skudal, som er sosiallærar og underviser i norsk.

Marianne Skudal er utdanna allmennlærar med tilleggsutdanning i kunst og handverk og religion. Ho har ein stor kjærleik til permakultur og studerer økologiske skulehagar på Bygdøy Kongsgård gjennom NMBU. Marianne bur i “Martastova” på SJH sitt område med dotter, schæferhund og kjøkkenhage. Når helga kjem, reiser dei til fjells på ski eller til fots. Marianne underviser i norsk (Vg2) og er sosiallærar på skulen. I tillegg underviser ho syriske og irakiske flyktningar, som mellom anna lærer norsk gjennom praktisk arbeid i ein syrisk kjøkkenhage på SJH. Ho meiner at vi alle kan vere med på å forandra verda til ein betre stad gjennom å byggja bruer og ta etiske og berekraftige val. Om SJH seier Marianne:

Dette er plassen du trivast! Elevane er særs engasjerte og sterke venskapsband vert danna. SJH har eit eineståande miljø med høg trivselsfaktor. Her får du nye erfaringar og fagleg innsikt som utvilsamt vil prega deg seinare i livet.

Presentasjonen av alle lærarane finn du her.