Lærarane: Kristin Ryum

I denne serien presenterer vi alle dei dyktige og hyggelege lærarane på SJH – i alfabetisk rekkefylgje. Niande person ut er Kristin Ryum, som underviser i  det meste som dreiar seg om husdyr:

Kristin Ryum vaks opp på ein høgdegard i Flåm med småskala og mangfaldig produksjon. Ho er utdanna veterinær og jobba privatpraktiserande som det gjennom eit tiår. Kristin har vore lærar i husdyr på SJH sidan 2003, har teke praktisk-pedagogisk utdanning ved NMBU og fag innan organisasjon og leiing. Ho er i dag pedagogisk leiar ved SJH. Kristin likar å bu i naturen på heimgarden i Flåm, kor ho held hjula i gang med litt sau og er medeigar i samdrift på geit. Kristin underviser i det meste som dreiar seg om husdyr; bygnad, funksjon, fôring, helse, oppstalling, regelverk og meir til i faga produksjon og tenesteyting (Vg2) og plante- og husdyrproduksjon (Vg3). Ho meiner økologisk landbruk handlar om å gje sitt bidrag til natur og kultur, å sjå mat og landskap i ein samanheng, og å setje store ord ut i små handlingar. Om SJH seier Kristin:

Det naturlege val for meg – kva med deg?

Presentasjonen av alle lærarane finn du her.