Lærarane: Hannah Jane Wood

I denne serien presenterer vi alle dei dyktige og hyggelege lærarane på SJH – i alfabetisk rekkefylgje. Sjette person ut er Hannah Jane Wood, som underviser i hest og fjøsopplæring:

Hannah Jane Wood er frå England, har budd på Svalbard i fire år og oppheldt seg i lengre tid på Island og i Mongolia. Ho er utdanna agronom frå SJH i 1997-99, og tok praktisk-pedagogisk utdanning ved NMBU. I tillegg er ho utdanna barfottrimmar for hest. Hannah liker å garva skinn, sy i lêr, strikka, bryggja øl, laga vin og dra på tur med hest (kløv og riding). Ho bur på eit småbruk 5 km frå skulen, med tre islandshestar, ein hund og nokre høns.

Hannah underviser i hest innan yrkesfagleg fordjuping (Vg2). I tillegg er ho med på å lære opp elevar i mjølking og stell av dyr i fjøset under fjøsvekene. Ho meiner at ei utdanning i økologisk landbruk lærer deg å spilla på lag med naturen og driva gard på ein måte som er sunnare for både planter, dyr og folk. Om SJH seier Hannah:

Vi som jobbar på SJH har eit stort engasjement og brenn for det vi underviser i. Og skulen ligg fantastisk til med kort veg til både fjord og fjell – det er så mykje å finna på her!