Lærarane: Janicke Hoel

I denne serien presenterer vi alle dei dyktige og hyggelege lærarane på SJH – i alfabetisk rekkefylgje. Sjuande person ut er Janicke Hoel, som underviser i garden som ressurs, hest, samfunnsfag og gym:

Janicke Hoel er utdanna agronom frå SJH i tillegg til barnevernspedagog, lærar og køyreinstruktør for hest. Utanom jobb, familie og oppvask brukar ho tida si på friluftsliv, jakt, riding, skigåing, fotballspeling, gardsarbeid, idrettslaget og turlaget. Ho bur på eit småbruk i Flåm med islandshestar, gamalnorsk sau og høns. Janicke underviser i samfunnsfag (Vg2), gym (Vg2 og Vg3), garden som ressurs (Vg3) og hest innan yrkesfagleg fordjuping (Vg2)Ho har òg fagansvar for Inn på tunet-avdelinga ved SJH. Janicke meiner at ei utdanning i økologisk landbruk gjer deg meir sjølvhjulpen, og i stand til å bidra i dugnaden for ei berekraftig framtid. Om SJH seier Janicke:

Vi har eit inkluderande miljø med engasjerte elevar som inspirerer oss tilsette til å utvikla skulen. Skulegardsbruket er veldig variert med mange ulike produksjonar og arbeidsoppgåver. I tillegg brukar vi utmarka og fjellområda til turar, jakt og fiske.

Presentasjonen av alle lærarane finn du her.