Lærarane: Aksel Hugo

I denne nye serien presenterer vi alle dei dyktige og hyggelege lærarane på SJH – i alfabetisk rekkefylgje. Fyrst ut er rektor Aksel Hugo, som underviser i ulike tema innanfor naturforvaltning og økologisk entreprenørskap:

Aksel Hugo er utdanna naturforvaltar frå NMBU med ein doktorgrad i pedagogikk. Det har gjort det mogleg for han å jobba både praktisk som lærar og teoretisk med forsking og lærarutdanning. Han har hatt eit bein i Steinerskulen og eit i offentleg skule. Aksel er rektor på SJH og bur med hund i bustad på skulen sitt område, men har òg poteter, frukt og bær i hagen i Holmsbu.

Han underviser i ulike tema innanfor naturforvaltning og økologisk entreprenørskap, hovudsakleg innan faget næringsdrift (Vg3). Aksel meiner at ei praktisk utdanning i økologisk landbruk bokstaveleg talt gjev deg moglegheit til å ta spaden i eigne hender. Utdanninga gjev òg god ballast til vidare studiar. Om SJH seier Aksel:

Det eg likar best ved SJH er at tradisjon kjem saman med heilt ny kunnskap, og at ungdomskraft kjem saman med tyngde og erfaring.