Landbrukskonferansen 2018 i Dornach, Sveits

Goetheanum i Dornach, Sveits

I arbeidet med SJH-prosjektet «Agronomisk optimalisering av karbonbinding og jordfruktbarheit», er det satt i gang fleire tiltak. Vi ynskjer å oppgradere kunnskap om og praksis i metodar som vil bidra til ei systematisk utvikling av skulegarden og undervisinga på SJH.

Tekst og foto: Lektor og lærar i hagebruk Nat Mead

Deltaking på kurset «Jordfruktbarhet» arrangert av VitalAnalyse og direkte prosjektrettleiing frå rådgjevarane Vibhoda Holten og Martin Beck er to av tiltaka som SJH er involvert i. Eit ledd i arbeidet er å bruke ulike metodar som stimulerer og vitaliserer jordliv og plantevekst. Blant desse ser man at bruk av ferment framstilt av mjølkesyrebakteriar og bruk av biodynamiske felt- og kompostpreparater har tydelige og positive verknader.

I denne anledning vart det aktuelt å få oppdatert innsikt og kunnskap om metodane utvikla innanfor biodynamisk landbruk (bd-landbruk). Det siste årets tema for det internasjonale bd-arbeidet har vore preparat. I november 2017 var dette temaet på Nordisk Biodynamisk Forum i Finland. Og nå, på den internasjonale Landbrukskonferansen 7.-10. februar, arrangerte Seksjon for Landbruk ved Goetheanum i Sveits temaet Preparata – hjartet i biodynamisk landbruk. Dette var eit verdsomfattande dypdykk i nåtidas ståstad for denne driftsformen. Forskarar, praktikarar, rettleiarar og interesserte samla seg; til saman var det 900 deltakarar frå 45 land, ca. 12 stykk frå Noreg.

Utstilling av bd-preparat frå mange land

Velkomsttalar, Liang Ziqi, fortalde om utviklinga av bd-landbruk i Kina. Andre føredrag hadde følgjande titlar: Forsking på effektane av bd-preparat; Preparata – ein ny forbindelse mellom jorda og kosmos; Den altomfattande naturen til bd-preparata; Bd-preparata som livskilde og Bd-preparata som bru mellom medisin og landbruk. Spesielt fascinerande var føredraget Preparat for 10 000 småbrukarar i India med Binita Shah, som omhandla korleis bd-landbruk har skapt nytt liv og levebrød for tusenvis av bønder og lokalsamfunn som har blitt ofre for nedbrytande, marknadsøkonomiske, industrialiserte landbruksmetodar.

Binita Shah, India, fortalde om 10.000 biodynamiske bønder

Mellom hovudføredraga var det eit utval fordjupingstema i tillegg til elleve ulike workshops om arbeid med preparata. Ettermiddagsøktar med kunstneriske øvingar krydra kvardagen med song, modellering, språkøvingar og eurytmi. Fordjupingstemaet eg valde handla om jordfruktbarheit. Temaet vart introdusert av fleire forskarar som presenterte kvantitative forskingsresultat som bekreftar preparata sine verknadar. Dei meinte at kvalitativ forsking og erfaring er like viktig, men mykje meir vanskeleg å forske på. Dei viste til kromotagrafi, stigebiletforsking og krystalisajonsbilete som døme på teknikkar som er utvikla til dette formålet. Like viktig, eller kanskje viktigare, som forskingsmetode er bonden sjølv som utviklar og brukar eigne sansar på eigen gard for å oppleve korleis jorda, planter, dyr og menneske fungerer i samanheng. Av workshops valde eg Framstilling og lagring av bd-preparat. Rettleiar var den italienske bonden og profesjonelle preparatframstillaren, Carlo Noro, kjent i Europa for kvaliteten på preparata han produserer.

Carlo Noro frå Italia rettleiar om preparatfremstilling, lagring og bruk

Om prosjektet «Agronomisk optimalisering av karbonbinding og jordfruktbarheit» vil bære frukt frå denne kompetansehevinga er me i gang med å finne ut av. Tiltak er satt i sving og fyrste runde med rettleiing og strategiplanlegging er gjennomført. Fyrste sesong i prosjektet har begynt. Planen framover er at elevane og tilsette blir tatt med i prosessen i både teori og praksis. Referenten rettar takk til SJH, Sogn og Fjordane Fylkeskommune og Klima- og miljødepartementet for økonomisk stønad til kompetansehevinga!