Nordisk Biodynamisk Forum 2017 – Finland

Veterinær Wilbert Beyer frå Järna i Sverige føreles

Lektor og lærar i hagebruk, Nat Mead, har reist ut i verda og henta inspirasjon. Her fortel han frå turen og om kunnskap som vil komme skulegarden til nytte:

Kvart år i november sidan 1960-talet har Nordisk Biodynamisk Forum (NBF) vore arrangert. Deltakande land er Sverige, Finland, Danmark og Norge og formålet er å studere eit bestemt årstema, dele erfaringar og forskingsresultat, få fagleg påfyll og å møte andre som har interesse for arbeid med biodynamisk landbruk. Studiearbeidet er knytt til eit internasjonalt årstema. Dei siste åra har årstema vore: 2014-15: «Korleis mennesket kan følgje husdyr med verdigheit inn i framtida»; 2015-16: «Jordkloden – ein global hage: landbruket for mennesket – er urbant landbruk ein moglegheit?»; 2016-17: «Å skape jordfruktbarheit – frå natur til kultur».

Årstema for 2017-18 er «Preparata – hjartet i biodynamisk landbruk».  I Norge har det vore fordjupingsseminar i november 2017 og det blir eit til i januar 2018. NBF hadde sitt møte i Finland med dette som hovudtema og internasjonalt blir det Landbrukskonferansen i Dornach, Sveits i februar 2018.

Kua står sentralt i arbeidet med preparat

Dei biodynamiske preparata står sentralt i den biodynamiske landbruksmetoden. Hovudmålet er å understøtte jordfruktbarheit og kvalitetsutvikling i plantedyrking med resultat at det vidareførast ernæringsmessig til dyr og menneske. Preparat som brukast i biodynamisk landbruk er framstilt frå ulike medisinplantar, dyreorgan, kugjødsel og mineral. Kua står sentralt i arbeidet med preparata og hovudforelesar, veterinær Wilbert Beyer frå Järna i Sverige, førte oss gjennom fordøyingsorgana, fordøyingsprosessen og «preparat-organa» fyrst på dagen som forelesing og deretter gjennom anatomisk visning med ei nyslakta ku. Det andre temaet som ble gjennomgått var preparatplantanes eigenskapar både som medisinplantar og i deira verknad i kompostering. Som arbeid med preparatplantane denne dagen jobba me med kunstnarisk framstilling.

Kunstnerisk framstilling av preparatplantane

Som ledd i arbeidet på SJH med utviklinga av jordfruktbarheit på skulegarden er stimulering av prosessar som bygger humus og binder karbon i jorda sentralt. Å få djupare innsikt og kunnskap om bd-preparata er ein del av dette arbeidet. Ved å delta på både fordjupingsseminar i Norge, Nordisk Biodynamisk Forum i Finland og Landbrukskonferansen i Sveits i februar 2018 vil me få ein grundig oppdatering på arbeidet som gjerast i regi av biodynamisk landbruk over heile verda. Målet er å kunne formidle godt om denne driftsmetoden i undervisinga, og å kunne sjå korleis bruk av bd-preparata kan nyttast betre i arbeidet på skulegarden.

Nat underviser her i humuspreparat på SJH hausten 2017