Me avsluttar jubileumsåret med eit flott utval bilete frå skuleåret 1971-72. Dei er tekne av fotograf Jens Hauge, som var elev da. Det er hans kommentarar som er lagt inn saman med bileta. Takk til Jens for dette vindauget til fortida, og takk til alle som har vore med på å feira SJH i 2017!
Klikk på bileta for å sjå dei i stor utgåve.
- Frå drivhuset. Læraren heitte noko i retning av Brandstveit. Me ser òg Gunnstein Loftesnes og Simlenes.
- Gunnstein Loftesnes administrerar planting under solfangarar.
- Planting.
- Raking av gamalt jordbærfelt.
- Skjæring av frukttre.
- Dette er husa som låg på flata nedanfor jordbruksskulen, der me i dag finn barneskule, idrettsanlegg, kulturhus m.m. Her budde framleis folk i 1971, då biletet blei tatt. Rektor på jordbruksskulen, Kåre Torvik, var òg lokalpolitikar. Planane for den nye skulen var under handsaming på denne tida, og han tok oss elevane på jordbruksskulen med på høgttenking om korleis ein skule best kunne utformast.
- Svært mykje var annleis før! Vegen mellom skulen og Vangen var t.d. ikkje asfaltert, noko som produserte støvskyer når bilane køyrde forbi.
- Ombord på ferga. Ein annan svært stor forskjell på Aurland før og no, er kommunikasjonane. På vintertid (når fjellvegen til Lærdal var stengt) var det berre to vegar ut av Aurland; ferga og Flåmsbana. Her sit karane med røyk og kortspel ombord på ferga.
- Folkemengda, som det osar humør av, er fotografert i mars/april 1972. Det var auksjon på Vangen (Aurlandsvangen). Eg meinar å hugsa at auksjonarius var Odd Nesse, lensmann i Leikanger. Han var munnrapp og vittig, noko tilhøyrarene sette pris på. Fotografiet er eit ”hofteskot”, eg torde ikkje løfta kamera til auga. Smilande kar med hatt er Nils Skahjem. Han som ler seg krokete, fremst i biletet, skal vera Ingebrigt Fimreite.
- Eit klart minne eg har frå internatet er å gå i korridoren og høyra det strøyme høg musikk ut frå alle romma. Her frå rommet til Gunnar Folkedal, han var i den meir avanserte enden utstyrsmessig. Ser du timeplanen?
- Gunnar Folkedal.
- “Frisøren” var tilsett ved fjøset på skulen. Eleven er Bjarne Neset frå Veitastrond.
- Skulemeisterskap på skeiser.
- Rektor Kåre Torvik på glattisen.
- Lærar Huseklepp med hette. Bak Huseklepp, ser me Gunnstein Loftesnes. I bakgrunnen, med skinnhuva, meinar eg det er lærar Vallestad.
- På geiteekskursjon. Flåm til venstre, bak i biletet.
- Jordbruksskulen hadde geitene sine på ein fellesstøl i Kårdal. Vi var på ekskursjon dit for å læra om geit, men var ikkje der på arbeid.
- På geiteekskursjonen var me òg innom Otternes gamle bygdetun.
- Sagbruk i Kaupanger. Her ser me Jens Øyrehagen, midt i biletet med sigarett i munnen. Han er no jordbrukssjef i Sogndal. Den lyshåra karen som er delvis skjult bak ham, er Bjarne Neset frå Veitastrond. Til høgre ein kar frå sagbruket. Han med det lyse skjerfet hugsar eg ikkje namnet på.
- Frå skogbruksekskursjonen til Kaupanger.