Arkiv | SJH 100 år

Folkemengda, som det osar humør av, er fotografert i mars/april 1972. Det var auksjon på Vangen (Aurlandsvangen). Eg meinar å hugsa at auksjonarius var Odd Nesse, lensmann i Leikanger. Han var munnrapp og vittig, noko tilhøyrarene sette pris på. Fotografiet er eit ”hofteskot”, eg torde ikkje løfta kamera til auga. Smilande kar med hatt er Nils Skahjem. Han som ler seg krokete, fremst i biletet, skal vera Ingebrigt Fimreite.

Eit historisk tilbakeblikk

Me avsluttar jubileumsåret med eit flott utval bilete frå skuleåret 1971-72. Dei er tekne av fotograf Jens Hauge, som var elev da. Det er hans kommentarar som er lagt inn […]

Les meir