100-årsjubileet del 2: Fredag 22. september

For ein dag! Etter økologisk frukost var det tid for festførebuing i grupper. Deltakarane kunne fylgje noko av reisa frå jord til bord, og mellom anna vart det pressa eplesaft, laga forrettar, pynta i festlavvoen og ysta. Etter økologisk lunsj var det jubileumsseremoni – med talar, musikk og gåver. Neste post på programmet var open økologisk gard med eit rikt utval aktivitetar for store og små. Dagen vart avslutta med den store festmiddagen – med over 250 til bords i lavvoteltet! Ureist mat, livleg prat og mandat til å danse seg langflat var stikkorda for kvelden. Tusen takk til alle som bidrog til ein aldeles uforglemmeleg feiring!

Klikk på bilda for å sjå dei i stor utgåve. Detaljert program for feiringa finn du her.