Hurra for framtida! Rundt 150 menneske møtte opp til den spennande framtidsverkstaden. Solveig Svardal frå Telemarksforsking leia dagen, som starta med fire inspirasjonsforedrag av Lise Brunborg, Liv Elin Olsen, Anders Lerberg Kopstad og Aksel Nærstad. Deretter vart deltakarene fordelt på femten ulike temabord under fylgjande hovudgrupper: nyskapande foredling lokalt, berekraftig samfunnsutvikling regionalt, yrkesutdanning i økologisk landbruk nasjonalt og berekraftig samfunnsutvikling internasjonalt. Vidare bidrog Therese Rudi og Per Olaf Lundteigen med betraktningar og styrkjande ord til alle, før rektor Aksel Hugo summerte opp framtidsverkstaden. Heile vegen var møteteiknar Tor Erling Naas i sving med ei kreativ nedteikning av det som vart sagt. Tusen takk for det sterke engasjementet som førte til ein høgst produktiv dag!
Klikk på bilda for å sjå dei i stor utgåve. Detaljert program for feiringa finn du her.