Program, påmelding og overnatting

VELKOMMEN TIL JUBILEUMSFEIRING 21.-23. SEPTEMBER 2017!

I 2017 er SJH 100 år og det blir feira i heile tre dagar! Me skal heidre innsats i tida som har gått (torsdag), markere opning av nye og renoverte skulebygningar (fredag) og byggje bruer med andre for framtida (laurdag). Det er tida for å samle alle gode vener av skulen både lokalt, regionalt og nasjonalt.

Program

Program for feiringa 21.-23. september 2017 finn du her.

Påmelding

Som vist i programmet, er nokre aktivitetar ope for alle, medan andre krev påmelding. Påmeldingsfristen var 1. september 2017, og alle billettar til dei lukka arrangementa er utseld.

Overnatting

NB! Me anbefaler tidleg bestilling av overnatting da Aurland er eit populært reisemål!

SJH har gjort avtale med tre ulike lokale overnattingsstader kor ein kan få rabattert pris ved å oppgje “Jubileum SJH” under bestillinga. Ta direkte kontakt med dem. Rabatterte prisar og kontaktinfo:

Vangsgaarden Gjestgiveri: www.vangsgaarden.com

Dobbeltrom med frokost for to personer: 1250 kr/natt

Rorbu med kjøkken, plass til fire personer: 1400 kr/natt

Lunde Camping: www.lunde-camping.no

Hytte m/ dusj og toalett, plass til fire personer: 1100 kr/natt

Leilighet m/ dusj og toalett, plass til to personer: 800 kr/natt

Standardhytte, plass til fire personer: 600 kr/natt

Aurland Fjordhotel: www.aurland-fjordhotel.com

Enkeltrom inkl. frokost: 990 kr/natt

Dobbeltrom inkl. frokost: 1.390 kr/natt

Fleire overnattingsstader finn du på www.booking.com eller andre bookingsider på nettet.

Forlenge opphaldet?

Ynskjer du å nytte anledninga til å sjå meir av Aurland, er det mykje å ta seg til anten du er interessert i padling, fotturar, sykling, fjordcruise eller Flåmsbana. Sjå Visit Sognefjord og Visit Flåm for inspirasjon og informasjon.

Har du spørsmål?

Lurer du på noko knytta til påmelding, overnatting eller Aurland generelt, ta kontakt med sentralbordet:

57 63 71 00 / sjh@sfj.no

Lurer du på noko knytta til programmet, ta kontakt med informasjonsansvarleg Spira Svendsen:

455 14 254 / spira.svendsen@sfj.no