Når ein går inn døra er ikkje sjokolade lenger det fyrste ein ser, men eit hav av friske, nyhausta urter og grønsaker i sesong. Alt frå drivhuset tjue meter unna, eller frå skulens eigne åkrar.
Den siste veka har dei tilsette i gardsbutikken og gartneriet jobba døgnet rundt for å pusse opp butikken, alt medan den framleis var ope for kundar. «Me likte ikkje tanken på at nokon skulle komme til stengde dører,» seier Veronica Svinstad frå bak disken. Måndag formiddag var det offisiell opning av «ny» gardsbutikk med kake og kaffi.
«Nokre kunne nesten ikkje tru sine eigne augne! Me har fått positiv respons frå kundane og eg er sjølv veldig fornøgd. Nokre har vore litt redde for at det ikkje skulle være Gardsbutikken meir, men eg håper dei blir fornøgde når dei kjem og ser.»
Judith Melbye har hatt utforminga av butikken på teiknebordet i over eitt år allereie, medan Aud Slettehaug frå Kompetansenavet Vest søkte pengar og syrgja for det organisatoriske. Judith har jobba for butikkar og kjøpesenter i mange år, men likte ikkje haldningar ho blei møtt med: kunden var ein enkel konsument og salet skulle vere milliardinntekter for nokre få. Ho gav seg med den slags oppdrag og har sidan jobba med gardsbutikkar og bondens marknad. Der kan ho jobbe med produsentar og følgje varen heilt tilbake til start.
I gardsbutikken hjå SJH har ho tydeleggjort kva for ein type butikk me faktisk har. «Det er ein økologisk daglegvarebutikk som òg sel lokal og ureist mat. Framover ynskjer dei å få inn meir lokalmat frå småskalaprodusentar! Blomsterbinderiet har fått ein tydelegare rolle, og dei fantastiske grønsakene frå skulegarden er i fokus. Når ein går inn døra er ikkje sjokolade lenger det fyrste ein ser, men eit hav av friske, nyhausta urter og grønsaker i sesong. Alt frå drivhuset tjue meter unna, eller frå skulens eigne åkrar.»
Akkurat no er ferske grønsaker som tomat, agurk og salat dei mest populære varane. Sunt snop i lausvekt er òg populært, saman med sjokolade og vaskemiddel.
«Me har òg sentrert det utrulege lausvektsutvalet. Då eg budde i Tyskland for 30 år sida kunne eg gå i spesialbutikkar, velje heilkorn i lausvekt og kverne til mjøl sjølv. I Noregssamanheng er det unikt at gardsbutikken hjå SJH kan tilby det same. Det er sjeldan sjølv i dei største byane!» Butikken kan freiste med lausvekt av blant anna mel, korn, frø, nøtter, sjokolade, sukker, quinoa og kikerter.
Lausvektskonseptet har vore brukt her på SJH heilt sidan åttitalet. Da fekk lærarane ideen om å starte eit innkjøpslag seg i mellom – noko som til slutt skulle bli gardsbutikken. Det var ikkje mykje øko i Noreg på den tida, men gjennom Helios fekk dei bestilt inn sekkar med Demeter-godkjente tørrvarar som eksempelvis mel, sukker og ris. Som ein slags tidleg lausvekts-mafia hald dei til i kjellaren hjå barnehagen Spiren.
Då elevane fekk nyss i kva som gjekk føre seg i kjellarmørket blei dei nysgjerrige og ville med. Til slutt blei interessa så stor at dei såg seg nøydd til fyrst å opne ein elevbutikk, deretter ein gardsbutikk ope for alle. Utan å nokon sinne ha tankar om utviding blei eit lite innkjøpslag til ein økologisk daglegvarebutikk, ope seks dagar i veka og med til saman seks tilsette: tre i butikken og tre i gartneriet.
I gartneriet driv dei med økologiske sommarblomar, julestjerner og noko økologisk snitt frå garden. Dei lagar bukettar og dekorasjonar til kvardag, bryllaup og gravferd. Alt seljes gjennom butikken, som og tilbyr utkøyring av blomar.
Velkommen til ein (endå meir) hyggeleg handel!
Opningstider: | |
Måndag – torsdag | kl 11-16 |
Fredag | kl 11-18 |
Laurdag | kl 11-14 |