Grunnleggjar Jens Lunde – lærar, fylkesagronom og stortingsrepresentant

Portrett måla av Astrid Welhaven Heiberg

  • Jens Lunde vart fødd i Aurland i 1884.
  • Gjekk på Rikheim Jordbruksskule og Norges Landbrukshøgskule, var lærar ved jordbruksskulen på Hedemarken og ved Stend Landbruksskule, så fylkesagronom i Sunnfjord.
  • Lunde skipa Sogn Jord- og Hagebruksskule i 1917 og var styrar dei fem første åra. Han var og sekretær i landbruksselskapet og seinare fylkeslandbrukssjef.
  • Ordførar i Aurland 1926-1929 og 1936-1941. Forhandla fram kjøpet av prestegarden som skulegard.
  • Stortingsrepresentant for Bondepartiet 1945-1953. Stortingets biografi om Jens Lunde.

Skrive av Jorunn Barane

Økoskulen er blitt 100 år og er like aktuell som nokon gong. Det skal sjølvsagt feirast med stort jubileum, heile tre dagar frå 21. til 23. september 2017. I samband med planlegginga av jubileet vitja eg garden som høyrde til grunnleggjar Jens Lunde. Der fikk eg ein god samtale med svigerdotter Ingeborg Lunde, og hennar son Jens Lunde. Han driv i dag campingplass på garden.

Det er triveleg å komma på føremiddagsbesøk på Lunde. Eg forklara ærendet mitt og spør om dei har eit portrett eller anna etter Jens som vi kan pryda den nye Lundesalen ved skulen med. Ingeborg er godt førebudd, og til stor glede vart SJH der og då overrekt eit flott portrettmåleri av grunnleggjaren, måla av Astrid Welhaven Heiberg. Dette portrettet hadde dei tenkt å overrekkja skulen fordi det var for stort til å ha i stova på Lunde.

Spørsmålet mitt var: Kva hugsa de av Jens som bestefar og svigerfar, kva tykkjer de er viktig å få fram om ham som person? Ingeborg har stikkord nedskrivne på ei blokk. «Som svigerfar var han, snill, hyggeleg, arbeidsam, nøysam, nevenyttig og høgt respektert. Som samfunnsborgar var han verdig, klok, uredd, organisatorisk sterk og seriøs, han var god til å planleggja og sjå konsekvensen av det han gjorde. Jens var ein vennleg og gjestmild mann som fekk i stand den gode samtalen,» fortel Ingeborg.

Barnebarn Jens og svigerdotter Ingeborg Lunde

Jens, som er namnebror til bestefaren, fortel om den raudmåla snikkarverkstaden som sto der Sinjarheim-verkstaden står i dag. Der vart det undervist i handtverk med dei første elevane. Dei reparerte reiskapen som blei brukt på garden og laga stuttorv. I kjellaren var det ikkje mindre enn to smier, og der banka dei ljåblad, hestesko og anna dei trong. Jens minnest at han fekk sin eigen miniljå laga til seg av bestefaren – han var så flink med hendene, og ein julaftan kunne Jens pakka opp ein flott trehest med stall.

Grunnleggjar Lunde hadde ei sterk interesse for kultur og var lenge formann i sogelaget. Estetisk sans og orden var viktig for ham. Ingeborg fortell at om våren måtte dei stikka graskanten med spade framfor huset, det skulle sjå ordentleg ut når det kom gjester frå stortinget. Dei hadde rundkøyring for hest og vogn på tunet.

På baksida av snikkerverkstaden hadde dei minst 100 høner som barnebarn Jens plukka egg etter og henta til mor i bøtte. Men det var ikkje alltid egga kom heilskinna heim, i dag skulda han på stormen og dei kraftige kastevindane som kjem opp dalen om hausten. Huset på Lunde var som eit stort kollektiv den gongen, det budde mange her på den tida.  På loftet budde bestefaren på kår med stor familie og vennekrets. Om sommaren skulle jo alle heim til Aurland! Han hadde mest sin eigen matsal på loftet, minnast Jens, de kunne vera opp til 25 til bords. Men når arbeidet kalla, eller når han skulle kvila, måtte det vera stilt. Då låste han døra og ein høyrde kor skrivemaskina klapra der oppe, ein måtte ikkje forstyrre når han var i politiske diskusjonar med gjengen på stortinget.

Jens Lunde (midten) under skulen sitt 50-årsjubileum i 1967

Dessutan var han spesielt glad i eggedosis til dessert. Då var det ei skål til ongane og ei anna med brandy i til dei vaksne, det smaka utruleg godt på frukt. Dessutan røykte karane svære sigarar der oppe, kom ein inn når samtalane og argumentasjonen gjekk høglytt føre seg kunne røyken liggja som eit tjukt teppe i rommet. Små gutar og søsken vart grundig lei av desse politiske argumenteringane som aldri stoppa. Då kunne dei springa bort til Simlenesen i gartneriet på skulen og høyra om han hadde ferske tomatar med sprekker i. Dei fekk han ikkje selja og dei smaka himmelsk, hugsar barnebarn Jens .

Allereie i 1915 kom grunnleggjar Lunde med forslag om å oppretta ein jord- og hagebruksskule i Sogn. Denne skulen skulle få plass på garden Lunde i Aurland. To år seinare var skulen i gang med Jens Lunde som styrar. Opptaket til skulen kom midt under den første verdskrig  og landet var då isolert frå resten av Europa. Dette førde til vanskar med import av matvarer. Styresmaktene støtta alle tiltak som kunne føra til auka produksjon. Klimaet i indre Sogn visa seg å vera gunstig både for husdyrproduksjon og for hagebruk. For å overtyda nemnda som skulle godkjenne planen og i neste omgang fylkestinget, hadde planen eit fylgjebrev der Lunde drøfta kunnskapsnivå hjå bøndene i distriktet. «Dersom nye driftsmåtar og ny tankegang skal få gjennomslag må mange, ja aller helst alle, bøndene ta fagutdanning i framtida», skreiv han.  (Thyri H, s. 56, 2005).

Kan ein sjå parallellar her til vår tid? Er det sikkert at vi i framtida kan rekna med fri import av matvarer internasjonalt? Og er ikkje Jens Lunde sin visjon om landbruk og utdanning like aktuell for oss i dag?

Torsdag 21. september vert det kulturkveld i Lundesalen på Sogn Jord- og Hagebruksskule – og salen er oppkalla etter grunnleggjaren sjølv. Det fine handmåla portrettet skal få heidersplass på veggen, og vera til inspirasjon for kommande elevar på økoskulen.