Vg3 Landbruk, økologisk

Litt om dei ulike faga på Vg3 og eksamenar:

Sommarkurs

På SJH legg vi stor vekt på å få til eit heilskapleg opplegg, med best mogeleg samanheng mellom teori og praksis gjennom dei to skuleåra. Vg2 og Vg3 vert difor lagt opp som eit toårig løp (søknad må sendast for kvart år), der undervisinga på Vg3 startar med eit sommarkurs på omtrent tre veker. Dette foregår i siste halvdel av juni og første halvdel av juli, med litt variasjonar frå år til år når det gjeld datoar. Deretter får elevane omtrent fem vekers ferie fram til «ordinær» skulestart som er rundt 20. august (pluss/minus).
Her kan du lese meir om sommarkurset og sjå ein filmsnutt.

Plante- og husdyrproduksjon

Ein vidarefører her Produksjon og tenesteyting frå Vg2. Emna dreier seg om både praktisk og teoretisk kunnskap om jord, planter, husdyr, mjølkeforedling i praksis, husdyrbygningar, maskiner og utstyr. Ein går djupare inn i enkelte emne, og det vert fokus på å vere i stand til å vurdere ulike driftsformer og resultat.

Gardsdrift

Det vert ei delvis vidareføring av emne i Forvaltning og drift Vg2. Ein lærer å forvalte ein økologisk gard som ei bedrift med dei rammevilkår landbruket har i Norge i dag, og å sjå garden som ein del av ein heilskap i samfunnet. Til dette faget ligg størstedelen av ei tverrfagleg driftsplanleggingsoppgåve som går gjennom heile skuleåret. Elevane tek utgangspunkt i ein reell gard og lagar driftsplan for garden med dei produksjonane dei har mest interesse av.

timefordeling-vg3

Begge dei valfrie programfaga er på 5 timar kvar (i snitt per veke)

Utmark og kulturlandskap

Også her vidarefører ein nokre emne frå Forvaltning og drift Vg2. Hovudvekt her er praktisk og forvaltningsmessig skjøtsel av skog, utmark, kulturlandskap, kulturminne og bygningar. Elevane har siste åra fått god trening i bruk av verktøy ved å setje opp tradisjonsbygg i grind (grindbygg). Øvingane i grindbygg går utover seinvinteren.

Valfrie programfag

På VG3 er det to valfrie programfag. På SJH er det lagt opp til at alle elevar følgjer faget økologisk landbruk (sjå nasjonal læreplan her) og naturbasert næringsutvikling (sjå nasjonal læreplan her).

Eleven får der gode moglegheiter for å fordjupe seg innan sine interessefelt under rettleia arbeid med individuelle oppgåver.

I naturbasert næringsutvikling gir vi moglegheiter for å fordjupe seg innan emna Garden som ressurs   (m.a. Inn på Tunet og naturbasert reiseliv) eller mathandverk og foredling.  I faget er det òg ein del fellestimar for alle – om kartlegging av ressursar og potensial, marknad og økonomi og drift av ei verksemd.

Eksamenar i Vg3

1. Felles programfag: Alle Vg3-elevane går opp til ein praktisk eksamen mot slutten av skuleåret, der kompetansemål frå alle dei tre felles programfaga Plante- og husdyrproduksjon, Gardsdrift og Utmark og kulturlandskap er representert. Hovudemna for elevgruppene vert trekt to dagar før sjølve eksamensdagen, der elevane ofte får i oppdrag å førebu eit arbeid som dei legg fram eller held fram med på sjølve eksamensdagen. Opplegget krev at elevane i praksis må setja av tre dagar til eksamen. Desse dagane skal alle vera til stades på skulen uavhengig om ein er samlingselev eller ikkje.

2. Valfrie programfag: Alle Vg3-elevane vert trekt ut til ein praktisk eksamen mot slutten av skuleåret i eitt av dei to valfrie programfaga. Eksamen går også her i praksis over tre dagar inklusive førebuingsdagar i grupper. Sjå under Felles programfag.

NB! Kan du ikkje bruke to fulle år på SJH?

  • Enkelte år tilbyr vi Vg3 samlings- og nettbasert for dei som ikkje har høve til å bruke to fulle år på SJH. Les meir her.