Vg2 Landbruk og gartnernæring, økologisk

Litt om dei ulike faga på Vg2 og eksamenar:

Produksjon og tenesteyting

Dette faget inneheld dei tradisjonelle landbruksemna; jordkultur, plantekultur, husdyr og teknikk. Undervisinga i jord- og plantekultur i Vg2 og Vg3 vert sett i samanheng. Enkelte emne vert avslutta på Vg2, medan andre går over to år.

Hausten Vg2 lærer ein det grunnleggande om jord, kompost, planter og dyr. Elevane deltek i arbeidet med innhausting, pakking og lagring av mat – og fôrvekstar. Dyrestell står sentralt, og gjennom året skal alle delta tre veker i fjøset (inklusiv helger) med stell av kyr, geit, sau og hest. Vi følgjer veksten ute så lenge det er levande planter, og knyter undervisinga opp imot dette. Etter at vektsesongen definitivt er over byrjar teoriundervisinga for fullt, og vi går då meir inngåande inn på einskildkulturar til mat og fôr når det gjeld biologi, dyrking og bruk. Referansen til dei praktiske øvingane og observasjonane elevane har hatt tidlegare er avgjerande for eit vellukka utbytte av teoriundervisinga.

Bruk av maskiner og reiskap knytt til dei ulike produksjonane er viktig. Elevane skal lære å bruke traktoren som trekkraft på ein sikker og god måte, og i tillegg skal dei lære å bruke reiskapen riktig. Vidare er service og vedlikehald av traktor og reiskapar sentrale emne. Noko reparasjonar må ein også vere i stand til å gjere, og bruk av til dømes handverktøy, vinkelslipar og sveiseapparat høyrer med.

Våren er ei spennande men hektisk tid, og etter ei grunnleggande innføring i våronnarbeid får elevane etter inndeling i grupper kvar sine jordstykke som dei får ansvaret for å både planlegge og gjennomføre jordarbeiding og såing på. Dette gjev trening i praktisk arbeid, å gjera faglege vurderingar og ikkje minst i å samarbeide med andre. Med våren følgjer også planteoppal og utplanting, lamming og beiteslepp og mykje mykje meir.

Fag og timefordeling

Sjå her.

Forvaltning og drift

Hovuddelane av dette faget er:

  • Naturbruk; kartlegging og forvaltning av ulike naturtypar. Viktige emne her er hogst i skogen, prøvefiske og forvaltning av fiskevatn m.m.
  • Bedriftsetablering; omsetning og økonomi.
  • Innhausting og lagring av frukt og grønt.
  • Jordarbeidsprosjekt.

Yrkesfagleg fordjuping

YF-fordjuping har ni timar per veke i snitt gjennom året. For å gje elevane mulegheiter til å velje ulike tema er yrkesfagleg fordjuping på SJH delt i to, slik at kvar elev vel eitt grønt og eitt blått tema og følgjer sine fordjupingsval. Grøne og blå dagar vil verte spreidd utover timeplanen litt etter sesong. Dessutan vil det bli sett av kring to veker til utplassering/praksis i ei bedrift/på eit gardsbruk. Praksisvekene finn du på skuleruta.

Grøne temaBlå tema
HagebrukForedling
HestHusdyr
MaskinBygg
Ungdomsbedrift (UB)Ungdomsbedrift (UB)

For alle faga er det vekt på praksis, med noko teori og oppgåveløysing. Les meir om yrkesfagleg fordjuping.

Eksamenar i Vg2

1. Felles programfag: Alle Vg2-elevane går opp til ein tverrfagleg praktisk eksamen i felles programfag mot slutten av skuleåret. Under eksamen vert det innslag frå begge dei felles programfaga Produksjon og tenesteyting og Forvaltning og drift. Eksamen vert lagt opp med to førebuingsdagar, slik at i praksis går eksamen over tre dagar.

2. Fellesfag (norsk, samfunnsfag): Vg2-elevane som har fellesfag kan verte trekt ut til eksamen på vårparten. For samfunnsfag gjeld kun munnleg eksamen, for norsk kan ein verte trekt ut i munnleg eller skriftleg eksamen.