Ofte stilte spørsmål

Søk!

Kva er søknadsfristen for å søkje på SJH?

1. mars. Men det er mogleg å søke heilt fram til skulestart, vi tar opp elevar så lenge vi har plassar. Søknadsfrist for fagskuleutdanning i handverksysting er 20. april.

Korleis søkjer eg?

Les alt om søkjeprosessen her.

Kva er opptakskrava for å starte på SJH?

Du finn alt om opptakskrav her.

Før og etter utdanninga

Kan eg ta VG1 på SJH?

Me tilbyr ikkje VG1 Naturbruk. Dette må du eventuelt ta på ein annan skule, eller du må skaffe tilsvarande kompetanse på anna vis. Les meir om opptakskrav her.

Kva kan eg bli med ei utdanning frå SJH?

Du kan bli mykje forskjellig. Nokre tek høgare landbruksutdanning, andre tek over gard. Nokre tek utdanninga berre som ein pause frå jobb, medan andre bruker den grøne bakgrunnen dei får her i andre samanhengar, til dømes i organisasjonsarbeid eller berekraftig næringsutvikling. Her kan du lese intervjuar med ein rekkje tidlegare elevar frå SJH: Tidlegare elevar

Her kan du lese meir om yrkestittelen agronom:

Om agronom på vilbli.no

Om agronom på utdanning.no

Om jobbmoglegheiter innan landbruk på naturbruksskolene.no

For informasjon om fagskuletilbodet i handverksysting, les her.

Bli kjent med skulen

Går det an å besøkje SJH for å sjå om det er noko for meg?

Sjølvsagt! Ta kontakt, så avtalar me etter dine behov.

Har de ein open dag?

Det er litt forskjellig fra år til år, men dersom du ønskjer å koma på besøk til skulen, er du hjarteleg velkomen. Ring på førehand, så kan me hjelpa deg med overnatting og omvisning.

Går det an å få eit tilpassa undervisningsopplegg?

Det kan kanskje gå an. Ta kontakt for å høyre om moglegheitene.

Om elevane

Kor gamle er elevane på SJH?

Elevane er frå 16 år til over 50! Gjennomsnittsalderen er ofte midt i 20-åra.

Finst det jenter som går på SJH?

Ja, som regel er det eit fleirtal av jenter.

Korleis er det å gå på SJH når ein har barn?

Det går heilt fint med barn. Det finst gardsbarnehage på tunet til SJH. Undervisninga kan kanskje tilpassast dersom det er behov for det.

Eg er frå utlandet. Kva reglar gjeld mellom anna i høve finansiering?

Det kjem an på kor du kjem frå. Ta kontakt for å høyre om moglegheitene.

Om å bu på SJH / i Aurland

Kva kostar det å bu på internatet?

All praktisk informasjon om internatet finn du her.

Er det noko å gjere i fritida på skulen og i Aurland?

Ja! Det er mykje som føregår på skulen og i Aurland.

Generelt

Kva er økologisk landbruk

«Økologisk landbruk er et produksjonssystem som opprettholder sunne jordsmonn, bærekraftige økosystemer og folks helse. Dette systemet bygger på økologiske prosesser, biologisk mangfold og kretsløp tilpasset lokale forhold, istedenfor å være avhengig av innsatsfaktorer med uheldig effekt. Økologisk landbruk kombinerer tradisjon, innovasjon og vitenskap til gagn for vårt felles miljø og fremmer rettferdighet og god livskvalitet for alle.»

(Frå heimesidene til Økologisk Norge.)