Internat

Undervisingsbygget (midten) ligg rett ved sida av internatet (høgre).

På internatet er det 30 hyblar (enkeltrom) med vaskeservant, fordelt over to etasjar. Det er felles bad i kvar etasje. I 2017 var ny matsal, nye elevkjøken og opphaldsrom ferdig. Les meir om utbygginga her.

Varm middag (kl. 11.30 på kvardagar) er inkludert i husleiga for alle som bur på internatet. På det viset kan vi halda dei totale bukostnadane nede. Dei som bur utanfor skulen kan abonnera på middag i matsalen om dei vil, eller kjøpe enkeltmåltid. Ein kan velja vegetarkost om ein ynskjer det. Meir enn 90 % av maten på internatet er laga av økologiske råvarer, og matserveringa har Debios serveringsmerke i gull. Utanom middag på kvardagar, lagar elevane måltida sjølve.

Ein syter sjølv for reinhald på eigen hybel og for klesvask. Skulen har to vaskemaskiner og tørketrommel. På internatet er alle former for rus og tobakksbruk forbode.

Prisar

Prisen for å bu på internatet (inkl. økologisk middag på kvardagar) er 3500 kr/mnd.

Prisen for å abonnera på økologisk middag på kvardagar er 1400 kr/mnd.

Prisen for enkeltmiddag er 100 kr.

Matserveringa på internatet har Debios valørmerke i gull.