Agronomutdanning på SJH

gulrotdag på SJH

Sogn Jord- og Hagebruksskule (SJH) er ein vidaregåande skule med undervising i økologisk landbruk. Etter fullført Vg3 Landbruk hjå oss blir du agronom i økologisk landbruk. Gardsbruket ved skulen er det viktigaste klasserommet vårt, og heile garden er økologisk driven.

Studietilbod:

Vg2 Landbruk og gartnernæring, økologisk
Vg3 Landbruk, økologisk
  • Les meir om det faglege innhaldet her.
  • Nasjonal læreplan for progamfaga på Vg3.
  • Enkelte år tilbyr vi Vg3 samlings- og nettbasert for dei som ikkje har høve til å bruke to fulle år på SJH. Skuleåret 2022/2023 tilbyr vi ikkje samlingsbasert og nettbasert undervisning.

Alle læreplanmål er tilpassa økologisk landbruk.

SJH tilbyr ikkje Vg1 Naturbruk. Dette må elevane anten ta på ein annan skule fyrst eller dei må ha tilsvarande kompetanse. Vi ynskjer at du tek direkte kontakt med skulen for vurdering av din kompetanse og kva du eventuelt treng i tillegg. Les meir om opptakskrav her.

Skulen er landsline, og det vil seia at elevar frå heile landet har same rett til elevplass ved skulen. Ofte er det også utanlandske elevar ved skulen.

Den sentrale opplæringsarenaen er eit allsidig skulegardsbruk med økologisk drift. Mykje av undervisinga er difor lagt opp som praktisk arbeid på garden. Øvingane er lagt opp slik at elevane får praktisk erfaring med gardsdrift gjennom heile året og slik at skulegardsdrifta skal gå i hop. Til dømes har elevane faste turnusar med stell av husdyra: kyr, geiter, sau og hestar. Om våren er det rundar med lammevakter i sauehuset. Ein del av husdyrstellet kjem utanom vanleg skuletid, men obligatoriske fjøsveker er med i timeteljinga slik at elevane får fleire fridagar enn den ordinære skuleruta i fylket.

Vg2 og Vg3 vert difor lagt opp som eit toårig løp (søknad må sendast for kvart år), der undervisinga på Vg3 startar opp med eit sommarkurs på omtrent tre veker. Dette foregår i siste halvdel av juni og første halvdel av juli, med litt variasjonar frå år til år når det gjeld datoar. Deretter får elevane omtrent fem vekers ferie fram til «ordinær» skulestart som er rundt 20. august (pluss/minus). Detaljert oversikt over feriar, eksamensdatoar osb. finn du her i skuleruta.

Praksisbasert undervising utgjer om lag 50 % av undervisinga i Vg2, og 25 % i Vg3.
For at undervisinga skal kunne fylgja dei naturlege variasjonane gjennom året har me ikkje ein fast timeplan for heile året. Timeplanen vert laga for nokre veker i gongen, og er sesongavhengig.

Ta gjerne kontakt dersom du ynskjer meir informasjon om agronomutdanning i økologisk landbruk.

Informasjon om opptakskrav og tilgang til søknadsskjema.