Økoprenørskap – Ecopreneurship

Metodar i økologisk entreprenørskap: Erasmus+ 201719

I omstillinga til samtidas utfordringar, kva kjenneteiknar økologisk entreprenørskap? Kva perspektiv og impulsar til fornying trengs i undervisninga av økologiske entreprenørar? Og kva metodar er aktuelle i ein fornya praksis? Dette er spørsmål som dei fem partnarane frå Noreg, Sverige, Danmark og England har fått midlar til å utvikle eit strategisk partnarskap omkring i åra 2017–19. Målet er å dele erfaringar, og å utvikle sin eigen utdanning og praksis. Partnarane vekslar på å væra vertskap for samlingar og seminar. På samlingane inngår det både bedriftsbesøk, utveksling av erfaringar, inviterte seminar og artikkelskriving.

Prosjektleiar er Sogn- Jord og Hagebruksskule (Aurland). Dei fire andre partnarane er Senter for Økologisk Økonomi og Etikk ved Universitetet Nord (Bodø), Centre for Environment and Development Studies (CEMUS) ved Universitetet i Uppsala (Sverige), Friends of the Earth (Danmark) og Schumacher College (England).

Applied ecopreneurship methodologies: Erasmus+ 201719

Facing the challenges of our time, what is ecopreneurship? What new impulses and perspectives are relevant in educating ecological entrepreneurs? And what applied methods can foster this renewal?  Around these questions, a strategic partnership has been granted between five partners from Norway, Sweden, Denmark and England for the years 2017–19. The aim is to share experiences, dialogue and develop new practice connected to our own educational settings. A series of work meetings and seminars are hosted by each of the partners. They involve local study trips, dialogue, invited seminars and academic writing.

The project coordinator is Sogn- Jord og Hagebruksskule (Aurland). The four other partners are Senter for Økologisk Økonomi og Etikk ved Universitetet Nord (Bodø), Centre for Environment and Development Studies (CEMUS) ved Universitetet i Uppsala (Sverige), Friends of the Earth (Danmark) og Schumacher College (England).