SJH som ressurs for opplærings-, helse- og sosialsektor
Inn på tunet (IPT) vert definert som tilrettelagte og kvalitetssikra velferdstilbod på gardsbruk. Tilbodet har som mål å gje meistring, utvikling og trivnad. Tilbodet byggjer på eit samarbeid med oppvekst-, utdannings-, helse- og sosialsektoren med aktivitetar knytt til garden og landbruket.
IPT-tilbod på SJH
- Tilrettelagt arbeid for menneske som har nedsett funksjonsevne
- Arbeidstrening for vaksne innan helse og psykiatri
IPT på SJH har som mål å betre fysisk og psykisk helse gjennom variert praktisk arbeid og aktivitetar på skulegardsbruket. Det er fokus på meistring, utvikling og trivsel i eit sosialt fellesskap. Tilboda er tilrettelagt den enkelte brukar og kvalitetssikra. Ein følgjer årstida på garden og arbeidar i ulike delar av gardsdrifta: Hagebruk, gartneri, fjøs, eldhus/kjøken, kompostplass, verkstad, utmark m. m.
Det er naturleg å følgje årsrytma på skulegarden når det gjeld aktivitetar og arbeid. Mykje av arbeidet i IPT er ordinære arbeidsoppgåver, og det er ofte der brukarane og arbeidsleiarane i IPT arbeider side om side med dei tilsette på SJH.
IPT har eige hus på garden, det gamle «Kommunehuset». Dette nyttast til møtestad og for å gjere ulike aktivitetar innandørs som matlaging, kunst, handtverk og undervisning.
Andre tilbod på SJH
- Tilrettelagt undervisningstilbod
- Gardsbesøk frå barnehagar og skular i regionen
- Levande skule, samarbeid med Aurland barne- og ungdomsskule. Garden og dyra blir brukt som pedagogisk ressurs frå 1.- 9. klasse
- Gardspraksis for 9. klasse frå Skjold Steinerskule i Bergen
- Utvikla kurs innan stadbasert læring