Kjærleiken og grønsakene veks på Avdem

Den fyrste våronna for Avdem Gardsgrønt. Det var ei stor oppleving å få fyra opp den gamle tohjulstraktoren.

Hans Avdem frå Lesja var ute etter gardskjerring og valde å søkje lykka på SJH. Det vart full klaff. No er kjærasten Sofia Bang Elm med og utviklar gardsdrifta på Hans sin familiegard Avdem øvst i Gudbrandsdalen.

Sofia har med stor suksess etablert Avdem Gardsgrønt og dyrkar og sel grønsaker, mellom anna via landhandelen Avdemsbue og ei abonnementsordning. Hans er med på å utvikla mjølkeproduksjonen på garden, som også er kjend for å husa Avdem Gardsysteri. I dette intervjuet fortel Hans og Sofia kva SJH har hatt å seie for dem, det dei gjer no og om framtidsplanane.

Sofias babysalat var noko som falt i smak hjå dei lokale lesjingane.

  • Kvifor byrja de på SJH?

Sofia: Eg var ute på reise, og da vart det plutseleg klart for meg at det ville gje god meining å læra å produsere mat. Ettersom det ikkje fantes nokon samanliknbare alternativ i Danmark, og fordi eg var eventyrlysten, vart det SJH.

Hans: Eg var singel, 21 år og klar for å flytte heim til mjølkekyrne. Det einaste som mangla for å få realisert draumen var ei skikkeleg gardskjerring. Jordbruksskulen i Aurland vart derfor eit naturleg val for meg.

  • Kva for eit år var de elevar ved skulen?

Sofia: 2013–2015

Hans: 2015–2017

  • Kva arbeider de med no?

Hans og Sofia: Da Hans var ferdig på SJH i mai 2017 flytta vi til familiegarden Avdem på Lesja. Her starta Sofia Avdem Gardsgrønt og byrja å dyrke grønsaker på 2,5 daa ca. 600 moh. Hans engasjerer seg i drifta på garden, med 36 NRF-kyr og 410 daa dyrka mark. Foreldra til Hans etablerte Avdem Gardsysteri i 2005. I 2015 opna foreldra og eldstedottera Anna lokalmatbutikken Avdemsbue, som ligg eit steinkast frå garden. Aktiviteten i dei forskjellige bedriftene gjer garden til ein spanande og levande plass midt i den karrige fjellbygda.

Høy i solnedgang. Kyrne får 50/50 med høy og silo gjennom vinteren.

  • Korleis har tida på skulen påverka dykk/arbeidet?

Sofia: Tida på skulen har hatt alt å seie for meg. Utdanninga er så brei, og eg vart presentert for så mange aspekt ved landbruket, at eg fekk moglegheit til å finne ut av kva det var eg verkeleg var interessert i. Det viste seg at det var noko ganske anna enn det eg eigentleg trudde da eg byrja på skulen. I det daglege arbeidet nyter eg godt av lærdommen og erfaringane frå skulen, ikkje minst det å vite kor eg skal leite / kven eg skal spørje dersom det er noko eg ikkje hugsar eller veit. Dessutan har SJH skapt eit uvurderleg nettverk av andre unge rundt om i landet som driver med noko liknande som vi gjer.

Hans: Læringsopplegget på jordbruksskulen er heilt unikt. Lærarane gjev elevane mykje fleksibilitet i forhold til oppgåveskrivinga, og det er ikkje grenser for kor langt ein kan nørde seg ned i dei forskjellige faga dersom ein ynskjer det. Eg hugsar eg skreiv ei lang oppgåve om avl på storfe. Med kyndig vegleiing frå faglærar og mykje fagstoff tilgjengeleg vart det nokre netter framfor datamaskina. Det var ei stor oppleving å levere inn den oppgåva. Dette er kunnskap som eg bruker nesten kvar dag, og som eg truleg vil få veldig mykje att for i framtida. Husdyrlærar Kristin, dersom du høyrer meg: I love you. Generelt er lærarane sjukt flinke!

Hans (til høgre) i ysteriet under “elevstyrt skule”, då alle dei SJH-tilsette var på seminar i Bergen.

  • Kva er dei beste minna frå SJH?

Sofia: Eg trur ikkje eg kan plukke noko ut. Det er som ei stor ”stemning”. Utover sjølve skulen og undervisningstida, som eg verkeleg trivdas med, var det eit spesielt miljø på fritida, der vi inspirerte kvarandre til å fordjupe oss i alt det vi var interessert i. Eg garva skinn, foredla frukt, brygga mjød, samla og lærte meg sjølv om ville plantar og mykje meir.

Hans: Utover den fyrste gongen ho Sofia beit på kroken, så må det bli kompostvending med plante- og jordlærar Nat. Eg hugsar det var veldig tilfredsstillande å legge opp kubikk på kubikk med fantastisk fin kompost. Etterpå sat vi i sola og prata litt om kompost og litt om livet. Nat var alltid i godt humør når vi var nede på kompostplassen – ja, bortsett frå dersom vi la opp rankar i feil C/N-forhold. Reparering og vedlikehald av maskiner nede på verkstaden saman med Olav og Thorvald var også store høgdepunkt.

Sofia ein glad vinterdag i Aurland.

  • SJH blir på fleip kalla Sogn Jord- og Fruktbarheitsskule. Korleis fann de kjærleiken?

Hans: Etter at Sofia var ferdig på SJH jobba ho som avløysar på ein geitegard langt inne i Flåmsdalen, men ho kom ein sjeldan gong ned til sivilisasjonen. Den gongen køyrde Sofia rundt i ein stor blå Hyundai med firehjulstrekk. Det var jul, og denne dagen hadde Sofia vore i treverkstaden på SJH for å spikke nokre julegåver. Her møtte ho meg som laga salatbestikk, og det gjekk som det måtte gå – under heile seansen sendte vi kvarandre lange blikk. Når kvelden omsider var omme og det var tid for at Sofia skulle opp att til Dalsbotten, fekk ho biltrøbbel. Sofia måtte kome seg til gards, for geitene måtte mjølkast, men Hyundaien ville ikkje starte. Gode råd var dyre, men plutseleg utifrå ingenting kom eg i min kvite Skoda Roomster. Med startkablar og eit kjekt smil bles eg liv i den døyande Hyundaien. Sofia vart djupt imponert, og når det lei over juleferien var ho ikkje vond å be. Det er i alle fall slik eg hugsar det fyrste møtet med budeia frå Dalsbotten.

Hans og Sofia i tomathuset på SJH, etter at dei fann kjærleiken. Foto: Mariell Øyre.

  • Kva er planane vidare?

Sofia: Planen akkurat nå er å bruke god tid på å finne ut av om dette er den rette plassen for oss. For mitt vedkommande vil eg dei neste par åra utvikle grønsaksproduksjonen, og forhåpentlegvis vise at det er mogleg å dyrke grønsaker 600 moh. i mindre skala, og samtidig få en fornuftig økonomi ut av det.

Hans: Eg vil utvikla gardsdrifta vidare, med fokus på fôring, avl og alt som høyrer til ein mjølkeproduksjon. Eg har også planar om å byggje opp ei lita grasfôra ammekubesetning på sida. Elles har eg gjennomført jordfruktbarheitskurset som skulen omtalte for ei stund sida, og vil inkludere moment frå dette i drifta.

Lesja er kjent for det vakre mosaikklandskapet sitt.

Her kan du lesa meir om: