Lån og stipend

Lån og stipend frå Lånekassen

Du må sjølv søkje om stipend og lån, og du kan søkje først etter at du har fått skuleplass. Når du søkjer om stipend, vurderer Lånekassen om det er fleire typar stipend du har rett til. På lånekassen.no finn du all info om lån og stipend.

Slik søkjer du om stipend

Har du ungdomsrett og har søkt om skuleopptak på vigo.no? Då er det enklast å klikke seg direkte frå Vigo til Lånekassen sin søknad, samtidig som du takkar ja til skuleplassen på Vigo. Du finn også søknaden på Dine sider på lånekassen.no. Du kan følgje med på korleis det går med søknaden din på Dine sider.

Hugs å bruke skjema for høgare utdanning dersom du ikkje har ungdomsrett!

Pass på dersom du har høgt fråvær, endrar fag eller avbryt utdanninga

Du må melde frå til Lånekassen med ein gong dersom du

  • sluttar eller tek ein pause i utdanninga di
  • byter skule eller studieretning
  • flyttar heim til foreldra dine

Skulen melder frå til Lånekassen dersom du

  • har stort fråvær
  • sluttar i eit fag
  • får fritak frå eit fag

Dersom du har for stort fråvær, sluttar i fag eller får fritak for fag, kan det påverke kor mykje stipend du får.

Du finn meir informasjon om stipend og lån på lånekassen.no.