Frå Vestlandsidyll til skapande menneske og levande jord i Vestfold

Roar og Rakel på Holt Gård. Foto: Holt Gård

Rakel Skjerve og Roar Lefsaker fann kvarandre på Sogn Jord- og Hagebruksskule for over 35 år sida. I dag driv dei Roars heimgard Holt Gård med mjølkekyr, yoghurtproduksjon, Open Gard og så mykje anna, medan yngstesonen Martin har byrja på SJH.

– Kvifor byrja de på SJH?

Rakel: Eg byrja på SJH hausten 1984, på agronomkurset som varte eitt år. Eg fekk høyre godord om skulen to år før, frå ein tidlegare elev, og den gongen la eg opp eit løp for å ta veterinærutdanning. Veterinær hadde eg forøvrig slått fra meg då eg byrja på skulen, men dei gode ryktene gjorde at eg likevel ville ta eit år med jordbruk i Aurland. Eg vart så glad i skulen og folka og oppgåvene og naturen, så det blei til seks år med arbeid i sesongane etter agronomen, og andre engasjement og skulegang innimellom.

Roar: Jeg hadde syslet med økologisk dyrking noen år og fikk høre om SJH først via en kamerat og så via et besøk fra SJH her på Holt Gård. Da var jeg klar for å lære mer. Jeg begynte i 1985, hadde sommerjobb på SJH sommeren etter og jobbet der mer eller mindre frem til jeg overtok hjemgården i 1990.

Kaféen på Holt Gård. Foto: Holt Gård


– Kva er dei beste minna frå SJH?

Rakel: Det blir eit val mellom mange høgdepunkt; Olav Arnar Bø sin kompostbegeistring og -inspirasjon, sauajaget i Stemmerdalen, valfaget Aurlandstradisjonar som var introduksjon til handverk og besøk bygda rundt med Cecilie Bugge, fjellturar, og jobb og opplevingar saman med gode venar for livet, i ein magisk natur.

Roar: Beste minner er kanskje all den fine naturen, turer i fjellet og det sosiale. Et trivelig miljø rett og slett, og engasjerte lærere som Olav Arnar Bø f.eks.

Skulen held iallfall på minna frå tida da Roar og Rakel var her, mellom anna i form av Rakelhagen. Hagen blei grunnlagt av Rakel og brukas i dag av elevane på skulen til alt frå blomster, urter og fargeplantar til grønsaker og poteter. Her kan du lese om hagen: https://sjh.no/skulegardsbruk/rakelhagen/


– SJH blir på fleip kalla Sogn Jord- og Fruktbarheitsskule. Korleis fann de kjærleiken?

Roar: Si det, det var vel et frø som begynte å spire, som siden ikke har gitt opp tross ugress og vær og vind : )

Rakel: Vi møttes så vidt på SJH-økoturen til austlandet, sommaren før Roar byrja på SJH, og likte kvarandre umiddelbart. Kjærleiken vaks fram gradvis. Eg vil kanskje heller sei at vi finn den heile tida, eller finn ut av den… : )

Kjærastepar med skjegg i fokus


– Kva arbeider de med no?

Alt mulig! Gården har i gjennomsnitt syv melkekyr, diverse krysninger av Jarlsbergfe, Sidet trønderfe, Vestlandsk fjordfe bl.a. I tillegg et grisepar av typen Mangalitsa, som til stadighet får unger, noen sauer, høner, katter, kaniner, påfugler, ender… Gårdsdriften kombineres med besøksgård og Åpen Gård året rundt. Vi har også ca. 40 andeler i et andelshagebruk. En vesentlig del av melken foredler vi selv til ulike melke- og yoghurtprodukter. Vi har en fast ansatt i tillegg til betalte og frivillige medhjelpere. Nå på vinteren er det mest skogsarbeid, foredling av melk og stell av dyr, samt åpen kafé lørdager og søndager. Vi har også et selskapslokale, men det er mindre i bruk nå pga. koronasituasjonen.

Økologiske mjølkeprodukt laga på Holt Gård. Namna er inspirert av skapelsesberetninga i norrøn mytologi. Foto: Holt Gård


– Korleis har tida på SJH påverka dykk?

Vi blei jo kjærestar, og det har jo verkeleg vore med å styre livsvegen seinare! SJH gav så mange røynsler og kunnskap som kjentest som livsviktige og meiningsfylte. At matjorda er levande liv, for eksempel.

Sommarstemning på Holt Gård


– Kvifor er økologi viktig for dykk?

Det gir framtidstru og er inspirerande at vi som menneske kan spele på lag med det magiske samspelet i naturen, og skape meir liv gjennom måten vi dyrkar mat på. Det er ein himmelvid skilnad på ei levande jord og eit livlaust vekstmedium. Visjonen vår på Holt Gård er Skapande menneske, levande jord. Det gir energi å huske på det.

Roar med kalven Lillefot. Kalven vart morlaus og blei seinare adoptert av ei anna ku. Mor og kalv går vanlegvis samen i 2-3 månadar på Holt Gård.


– Kva er planane vidare?

Rakel: Vi er heldige så lenge vi får behalde inspirasjonen, og får vere kreative og samarbeide rundt garden med jordbruk, mat og menneske. Men eg kunne godt tenke med å sitje litt i gyngestolen og tenker over livet også, innimellom at eg planlegg eldrekollektiv, lagar blomsterhage og syr bunad kanskje? Og høyrer på P2. Det jo eit håp for det, sidan neste generasjon har funne på å gå på SJH!

Travel bonde i arbeid

Heimesida til Holt Gård finn du her: https://www.holtgard.no/

Og her finn du fleire bilete frå garden: https://www.instagram.com/holtgardundrumsdal/