Fagdag kjøtkvalitet

Velkomen til fagdag om kjøtkvalitet onsdag 29. mars. Du får lære om kjøtkvalitet, måling, holdbarheit, mørning, prosessering, kommunikasjon av raudt kjøt og sal.

Onsdag 29. mars 2023
Kl. 10.30-17.00
Stad: ViteMeir senteret på Kaupanger
Pris: 600,- per pers. – inkl. mat og møterom, konferanseavgift.

Fagdag kjøtkvalitet, raudt kjøt og hjort, vill og tam:

  • Holdbarheit ferskt og frose kjøt – kva holdbarheit kan eg forvente.
  • Målemetodar for kvalitet i kjøt – kva moglegheiter har vi for å måle holdbarheit.
  • Mørning og mørningsstrategi – kva strategi vel eg.
  • PH og korleis ph i kjøtet påverkar kvalitet – kva kan vi måle?
  • Feittsyrer i kjøt – feitt% og merking.
  • Raudt kjøt – problem og nye kosthaldsråd – kva kommuniserer vi og kan vi kommunisere.

Vi vil vere på smakslabben til ViteMeir senteret der vi skal sjå på kjøt i mikroskop, øve oss på å måle ph i kjøt, sjå og smake på ulike typar kjøt.

Målsettinga er at du etter denne dagen skal ha kunnskap om kvalitetsbedøming av di eiga råvare, fersk eller frosen, kunne evaluere holdbarheit og påverke holdbarheit på produktet i frose tilstand. Kunne vere trygg på å kommunisere godt om bærekraft og komande kostholdsråd. Vi kjem innom både raudt kjøt av husdyr og hjortevilt.

Kurshaldarar: Animalia ved Stefania Gudrun Bjarnadottir og Daniel Munch

Påmelding til dagleg leiar Aud Slettehaug, Kompetansenettverk Lokalmat Vest. Send mail til:
Aud.Slettehaug@vlfk.no. (Tlf. 473 75 739)

Fagdagen er finansiert gjennom midlar frå Kompetansenettverket Lokalmat.

Foto: LHL, SJH