Rakelhagen

Rakelhagen er eit vakkert syn for alle som kjem for å oppleve den på nært hald. Her har elevane i vg2 fått utfalde seg og valt type vekstar utifrå interesse.

Hagen består av 5 økologiske dyrkingsfelt med ulike tema: grønsakshage, urtehage, permakulturhage, blomster- og staudehage, og demonstrasjonsfelt for landbruksvekstar. Elevane vel eit felt som dei driv etter økologiske dyrkingsmetodar gjennom heile vekstsesongen. Grønsaksfeltet og urtehagen har eige vekstskifte som blir fylgt frå år til år. Dette gir øving i planlegging, bestilling av frø, planteoppal, jordarbeid og stell gjennom sommaren.

Tidleg på året lagar dei hageplanar, bestiller frø, blandar økologisk såjord og forkultiverar småplantar/stiklingar i veksthuset. Når våren kjem er det rydding av felta, jordarbeid og gjødsling med kompost. Handtering av handredskap, traktor og jordfres har elevane allereie lært seg å bruke til ulike formål. Utplanting og såing direkte skjer frå midten av mai når frostnettene er over.

Utover sommaren er det fleire gjester som besøker Rakelhagen, både organiserte omvisingar og andre som ynskjer å vandre i hagen for å få ein uforgløymeleg oppleving blant vakre blomstrar og nyttige vekstar.

Når hausten kjem blir råvarer frå hagen gjort om til lekre matrettar både til eige bruk og i undervisningssamanheng. Etter vinterklargjering av beda blir det munnleg framføring av dyrkingsprosjektet og høgtideleg overrekking av hagen til nye vg2 elevar.

Foto og tekst: Marianne Skudal